Herrelaget slo Brattvåg 2
A-laget for herrar slo i kveld Brattvåg 2-1 på bortebane. Stillinga ved pause var 1-1. Kent Inge skåra i fyrste omgang, medan Kenneth U avgjorde i andre.
HaNo meir effektive enn BIL2

5. div menn
Brattvåg 2 – HaNo 1-2 (1-1)
Brattvåg KGB
1-0 Lars Martin Vestre(20)
1-1 Kent Inge Klokk (35)
1-2 Kenneth Ulla (72)
Dommar: Magne Krumsvik, Hødd

Brattvåg 2 vann sjansestatistikken, men HaNo utnytta sine sjansar best, og sikra seg dermed 3 viktige poeng for å henge med topplaga i 5. divisjon.


Juryen sin dom:
*** Lars Petter Haram
** Michael Austnes
* Cato Longva

Brattvåg 2 opna kampen klart best, og førte første delen av 1. omgang. Det var ikkje ufortent at heimelaget tok leiinga etter eit fint oppbygd angrep på høgresida. Innlegget frå Eirik Æsøy vart ekspedert i mål frå kort hald av Øyvind Sundnes. Etter dette jamna kampen seg ut, og HaNo skapte også nokre halvsjansar. Utlikninga kom då Kenneth Ulla stussa ballen gjennom til Kent Inge Klokk. Åleine med keeper sette han ballen kontrollert i hjørnet frå 16 meter.

Ein sjanse var nok
Kampbiletet etter pause var ganske likt det som var før pause. Brattvåg 2, med veteranen Frank Dalhuag som ballsentral styrte mykje av spelet, men skapte ikkje dei store sjansane mot eit kompakt HaNo – forsvar i første del av 2. omgang. I staden var det gjestane som avgjorde på sin første sjanse etter pause. Odd Einar Molnes slo hardt inn frå høgre, og Kenneth Ulla heada ballen i hjørnet frå ca 12 meter. Etter dette vart det eit endå større press mot HaNo – målet. Både Øyvind Sundnes og Eirik Æsøy hadde store sjansar til å utlikne, men utan å lukkast. HaNo fekk sin andre sjanse etter pause då Kent Inge Klokk skaut over frå god posisjon. Brattvåg 2 var best spelemessig og sjansemessig, men HaNo var dyktigast framfor begge måla.

26/05-10
Av: Lars Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: