Historisk siger rett før full tid!
HaNo/Lepsøy-Ørsta 2-1.Samarbeidslaget HaNo/Lepsøy tok sin første siger i historia på mest dramatisk vis: Tok først leiinga, og derette utlikning. Men to minutt før full tid avgjorde Lillian Kjerstad kampen!
16.06.10, Nordøy stadion.
Kampfakta:
HaNo/Lepsøy-Ørsta 2-1 (0-0)
Mål:
1-0 Tone Elise Austnes (46)
1-1 Sunniva Aambakk Bjørkedal (65)
2-1 Lillian Kjerstad (88)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg.

Dagens Ha/Le-spelar: Ingrid Farstad
Juryens dom:
3 poeng: Ingrid Farstad
2 poeng: Tone Elise Austnes
1 poeng: Ann Kristin Farstad

PS!For fleire bilete frå kampen, kan du også gå inn på www.lepsøy.com si side her.

- Svært spennande, og eg vil gi ros for at vi var der med tre av våre jenter på retursituasjonen, meinte trenar Kenneth Ulla om kampen og vinnarmålet. – Vi brukte 17 spelarar i dag, og dette var ein jamn kamp som det betydde mykje og få tre poeng i, meinte Ulla. Dermed er ikkje HaNo/Lepsøy hekta av på tabellen, etter det som altså er samarbeidslaget sin første siger i historia.

Sjansefattig førsteomgang
Kampen starta med mykje spel på midtbana, og Ingrid Farstad sitt skot rett over var nok det farlegaste Ha/Le produserte før pause. Anført av det solide stopparparet Tone Elise Austnes og Silje Vindsnes Haram hadde laget god defensiv kontroll. Det var også trygt og ha målvakt Ann Kristin Farstad bakerst, som framstod solid for Ha/Le.

Utlikning
Ulla og jentene ville komprimere midtbana i andre omgang, og følte at dei ikkje hadde fått fram dei positive offensive taktene som laget har hatt på trening i det siste. Responsen var strålande berre sekund ut i omgangen. Ha/Le pressa høgt opp, og fekk eit frispark. Dagens Ha/Le-spelar Ingrid Farstad la inn og Tone Elise Austnes skåra sikkert med høgrefoten. Ørsta kom betre med, og ei heading rett utanfor stolpen etter timen spelt blei berre ein advarsel på det som kom. Sunniva Aambakk Bjørkedal skåra sikkert åleine med keeper, og dermed 1-1.

Gedigen heimejubel
Heldigvis kom Ha/Le seg mot slutten, og Lena Farstad kom seg rundt på høgresida kvarteret før slutt, men begge avslutningane blei blokkert. Men Ha/Le fekk altså juble til slutt. Denne gongen var det Cathrine Gjerde som la dødballen. Det blei ein retursituasjon, og Ha/Le ved Lillian Kjerstad var hissigast på den. Den satt, og 2-1 var eit faktum! Svært glade og stolte jenter jubla for første gong for ein trepoengar. Det enda med komiske sluttscener på Nordøy stadion, då dei kava veldig med kva dei skulle gaule under sigersropet! Det har dei berre tre dagar på seg til å øve inn. Då er Lepsøy stadion heimearena i møtet med Sykkylven.

HaNo/Lepsøy (4-5-1):
Ann Kristin Farstad- Anna Longva, Silje V Haram, Tone Austnes, Martha Kjerstad- Linda Kristin Gjerde, Sunniva Seth, Ingrid Farstad, Ane Forr Austnes, Eirin Buner- Lillian Kjerstad.

Nytta innbyttarar: Lena Farstad, Nathalie Vedeld Dale, Trude Haram, Emily Smith, Seline Hoedemaker, Cathrine Gjerde, Anna M Austnes.

16/06-10
Av: Odd Einar Molnes






Ingrid dagens spelar, og Lillian med vinnarmålet!


Tone Elise spelte godt i forsvar, og skåra 1-0 målet.


Pausepraten funka. Ha/Le gjekk rett i angrep og skåra i andre omgang!


Nathalie med spektakulær cornerutførelse!


Ingrid avsluttar, og dette skotet endar rett over tverrliggaren.


Ane i drivet på midtbana.


Linda Kristin legg inn. Anna L i bakgrunnen.



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: