Bittert tap mot Gursken/Larsnes
Gu/Lars leia 2-0 midtvegs i andre omgang, men HaNo henta inn att og utlikna til 2-2. Den viktige botnkampen enda dessverre likevel med at Gu/Lars fekk alle poenga på eit omdiskutert straffespark to minutt før slutt.
Tap på slutten

4. divisjon:
Gursken/Larsnes-HaNo 3-2 (1-0)
Mål:
1-0 (14)
2-0 (59)
2-1 Asgeir Nogva (67)
2-2 Lars Petter Haram (72)
3-2 (88)
Dommar: Jim Dyb, Ellingsøy.
Juryens dom:
3 poeng: Lars Petter Haram
2 poeng: Kenneth Ulla
1 poeng: Odd Einar Molnes

Gu/Lars leia 2-0 midtvegs i andre omgang, men HaNo henta inn att og utlikna til 2-2. Den viktige botnkampen enda dessverre likevel med at Gu/Lars fekk alle poenga på eit straffespark to minutt før slutt.

Av Odd Einar Molnes

Ekstra bittert var det at i forkant av straffesituasjonen var det ein klar offside-plassert heimespelar. Lasse Buck, HaNo-debutant og lagets sjuande målvakt i år, var veldig nær å ta straffesparket. Med andre ord er Gu/Lars no berre tre poeng bak HaNo i botnen av 4. divisjon.

Mål i mot
Første omgang starta nølande, og heimelaget hadde eit lite overtak. Leiinga kom på gjennomløp gjennom midten. HaNo kom sakte men sikkert meir med, og Lars Åkre hadde den største sjansen til utlikning etter godt forabeid av Lars Petter Haram og Asgeir Nogva. Etter pause heldt HaNo fram med å produsere sjansar, og det var difor eit slag i trynet at heimelaget la på til 2-0, også det etter gjennomløping og gode kombinasjonar sentralt i bana.

Sterk opphenting
Då var det sterkt av HaNo å kome tilbake i kampen. Asgeir Nogva kom meir og meir med på venstresida. Nogva la inn, og ballen gjekk fint over keeper og i mål. HaNo fekk ny tru, og Lars Petter Haram gjorde som han har gjort ein god del gongar før: Headar inn eit frispark-innlegg.

Bitter avslutning
Kampen fekk altså si avgjerd i det 88. minutt. Den rutinerte assistentdommaren Palmar Blindheim meinte at det stod to utespelarar frå HaNo på ”rett side” i forhold til offsiden. For målvakta var nemlig klart framfor. Men dei store HaNo-protestane førte aldri fram, og kampen ebba ut med 3-2, trass i eit par HaNo-mulegheiter etter skåringa.

HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen- Åge Flem Ulla, Odd Einar Molnes, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva- Stig Frode Longva, Lars Åkre.
Nytta innbyttarar: Lasse Buck, Alexander Eide, Vegard Halkjelsvik, Demir Haram.

30/08-08
Av: Kenneth Hansen







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: