Kampreferat Stordal-HaNo
Eit noko forsinka notat frå Stordal-HaNo, spelt laurdag kan du no lese her.
Grusom start på kampen

5. div. avd 1, 26.06.10, Kirkebø stadion.
Kampfakta:
MSIL- HaNo 2-1 (0-0)
Mål:
1-0 Sjølmål (35 sek)
2-0 Robin Aasen (2)
3-0 Thomas Kirkebøe (20)
3-1 Cato Longva (66)
3-2 Odd Einar Molnes(77)
4-2 Geir Marius Øie (88)
5-2 Kenneth Søvik (90+2)
Dommar: Odd Even Svindseth, Sykkylven

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Jonas Longva
2 poeng: Odd Einar Molnes
1 poeng: Asgeir Nogva

Med 2-0 til Stordal før to minutt var gått, blei det svært tøft for HaNo og ta poeng i dette oppgjeret. 3-0 blei det også, og sterkt å kome tilbake til 3-2 av HaNo. Men då sluttspurten mot poeng verkeleg skulle kome var det tomt for krefter hos HaNo.

Demir Haram var uheldig og sette ballen i eige mål allereie før minuttet var gått. Stordal held leikestove med HaNo i starten, og det blei ikkje betre av at HaNo ikkje fekk rydda vekk i tronge situasjonar heller. 2-0 kom også, og 3-0 midtvegs i omgangen der Thomas Kirkebøe set stor fart framover.

Reduseringane kom
HaNo burde absolutt ha redusert før pause. På hjørnespark hadde ein sjansen, og Per Jarle Fjørtoft ein ganske stor ein. Det drya godt ut i andre omgang før reduseringa kom: Cato Longva kom seg laus i feltet og hamra ballen inn. Odd Einar Molnes fekk inn 3-2 på sitt skot, som sneia ein Stordal-spelar og gjekk over keeperen. Men då HaNo verkeleg skulle jage utlikninga ebba det ut med lite HaNo-press, og det blei heller svært skumle Stordal-overgangar. 4-2 og 5-2 kom i staden heilt mot slutten. Ein fotballkamp startar når dommaren bles den i gang. Det må HaNo ta med seg til Løvsøya på onsdag. Den har kampstart kl 1845 på Lepsøy stadion.

HaNo (4-4-2)
Sindre Longva- Preben Lorgen, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Demir Haram- Odd Einar Molnes, Jonas Longva, Vegard Halkjelsvik, Asgeir Nogva- Per Jarle Fjørtoft, Cato Longva.

Nytta innbyttara: Kristian Kalvøy, Kenneth Hansen, Erlend Hagen, Steven Saure.

28/06-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: