Lepsøy sterkast
Lepsøy ville mest, og hadde ein skikkeleg matchvinnartype i Frank Gjerde i lokalderbyet i kveld. HaNo fekk det tøft, og avslutta halve andre omgang med 10 mann.
5. div. avd 1, 30.06.10, Lepsøy stadion.
Kampfakta:
Lepsøy- HaNo 3-0 (1-0)
Mål:
1-0 Frank Gjerde
2-0 Marius Eide
3-0 Frank Gjerde
Dommar: Magne J. Krumsvik, Hødd

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Demir Haram
2 poeng: Asgeir Nogva
1 poeng: Per Kristian Klokk
Raudt kort: Preben Lorgen, HaNo
Gult: Demir Haram, Per Kristian Klokk.

HaNo hang med i første omgang, og hadde nok to sjansar større enn Frank Gjerde si kjempeskåring frå 25 meter. Men spissparet Kenneth og Per Jarle sine headingar gjekk over. Lepsøy spelte ball, ofte i bakre rekkjer, og slo på kant til raske kantar, men HaNo stoppa det effektivt. Ein gong ulovleg, der Demir Haram tackla Bjørn Daniel Graftås hardt. Fortent gult kort, men synd dommar Krumsvik ikkje såg slaget Graftås serverte tilbake. Det burde vore raudt kort.

Fortent heimesiger
Asgeir Nogva blei brukt på venstre kant, og han serverte innlegg på innlegg, men HaNo greidde ikkje å skape noko store farlegheiter. Etter pause var Lepsøy vinnarar av fleire duellar, og hadde meir ro med ballen. 2-0 kom på dødball, der Marius Eide var ivrigast på returen. Deretter fekk Preben Lorgen sitt andre gule kort heilt korrekt idømt, og måtte rusle i dusjen midt i omgangen. HaNo greidde aldri å skape noko etter dette, og Frank Gjerde gjorde sitt andre og heimelagets tredje og sikra 3-0 siger.

Tung avslutning
HaNo har fått ei tung avslutning på vårsesongen. Etter årsbeste mot Ravn heime har det blitt tre tap på ei veke på bortebane no på tampen. Det blei for hardt kampprogram for HaNo, som mangla sju spelarar til denne kampen grunna skader, ferie eller karantene. No skal det våravsluttast med Øyacup på Harøya før ein ferie skal kvile laget i form igjen. Eller at vi skal trene godt:)

HaNo (4-4-2)
Sindre Longva- Demir Haram, Kenneth Hansen, Per Kristian Klokk, Lars Åkre - Odd Einar Molnes, Preben Lorgen, Vegard Halkjelsvik, Asgeir Nogva- Per Jarle Fjørtoft, Kenneth Ulla.

Nytta innbyttara: Audun Steen, Erlend Hagen, Kent Inge Klokk, Steven Saure.

30/06-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: