Fantastisk gåve til Nordøyhallen
Torsdag starta gravearbeidet og fredag kunne Rune Fjørtoft overlevere ei gåve på 570 000,- til Nordøyhallen frå Sparebanken Møre. Dermed vart dette to svært viktige dagar med tanke på realisering av prosjektet. Vi takkar Sparebanken Møre for støtta!
Fantastiske dagar for Nordøyhallen


Torsdag starta grunnarbeidet for å få realisert Nordøyhallen på Haramsøya. Dagen etter kunne Rune Fjørtoft overlevere ei gåve på 570 000 kroner til prosjektet frå Sparebanken Møre. Dermed er prosjektet to lange steg nærmare fullføring.

Kenneth Ulla

HaNo FK har teke initiativet til å få bygge fleirbrukshallen Nordøyhallen på Haramsøya. Forarbeidet har teke nærmare 2 år, og svært mange timar er lagt ned. Torsdag sette gravemaskina i gang med grunnarbeidet på det som til no har vore Austnes grusbane. Ringmur skal støypast før hallen vert montert tidleg i haust.

Fantastisk gåve
- Dette er eit heilt spesielt prosjekt som er midt i blinken for det som er Sparebanken Møre sin formålsparagraf, sa Rune Fjørtoft då han overleverte ein sjekk på 570 000 kroner til Ivar Fjørtoft i Nordøyhallnemnda. Ein slik hall vil vere positiv for lokalmiljøet, for barn og unge og for trivselen til dei som bur her. Eg trur faktisk at dette prosjektet kan verte betre enn det folk trur. Når Nordøyvegen er på plass, vil endå fleire kunne få glede av hallen, sa Fjørtoft.
Geir Olav Otterlei og Ivar Fjørtoft takka for gåva på vegne av Nordøyhallen, og lovde at dette skal bli ein hall som alle skal få glede av.

Klar til hausten
Nordøyhallen vert ein isolert plasthall på 69*45 meter som skal romme ulike aktivitetar. Det vert kunstgrasdekke, men hallnemnda håper å få på plass både sportsgolv, klatrevegg og diverse anna som gjer dette til ein fullverdig fleirbrukshall. Det er også planar om å sette opp eit garderobe/lager/kjøken – tilbygg i endeveggen av hallen.
- Det vert den første fleirbrukshallen i landet som er bygd på denne måten, seier ein engasjert Geir Olav Otterlei. Målet er mest mogeleg aktivitet, størst mogeleg del av døgnet. Skulen disponerer hallen på dagtid. Elles er håpet av Nordøyhallen skal gi rom for både nye og eksisterande aktivitetar.

10/07-10
Av: Kenneth Ulla






Rune Fjørtoft deler ut sjekken på 570 000 til Ivar Fjørtoft


Rune Fjørtoft deler ut sjekken på 570 000 til Ivar Fjørtoft


Emilie feirar gåva frå Sparebanken Møre med norsk flagg


Jubel både frå liten og store då Rune Fjørtoft ga 570 000 til hallen. Gravemaskina er i ferd med å lage grøfta for ringmuren. Det er Longva Maskin som står for den jobben.



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: