Damelaget opnar haustsesongen
Etter å ha gjennomført berre 6 kampar i vår, skal HaNo/Lepsøy sitt damelag spele heile 10 kampar i haust. Den første går laurdag borte mot FK Sykkylven

3. divisjon kvinner
FK Sykkylven - HaNo/Lepsøy
Laurdag 14.08 kl 14.00
Dalemyra stadion
Dommar: Per Helge Liset, Stranda

HaNo/Lepsøy sine 5 siste kampar:(HaNo/Lepsøy sine mål står først)
21. juni SYKKYLVEN 1-2
16. juni ØRSTA 2-1
5. juni SUNNYLVEN 1-2
19. mai SPJELKAVIK 0-2
12. mai HERD 0-7


HaNo/Lepsøy stiller med denne troppa:
1 Anna Longva
2 Lena Farstad
3 Julie Longva
4 Cathrine Gjerde
5 Lillian Kjerstad
6 Ingrid Farstad
7 Eirin Buner
8 Silje V Haram
9 Britt Tove Vedeld Molnes
10 Vibeke Flem
11 Tone Austnes
12 Emily Smith
13 May Britt Longva
14 Anna M Austnes
15 Nathalie Vedeld Dale
16 Maria Ulla
17 Sybell Rogne
18 Trude Haram

Etter ein lang sommarferie, er det klart for ein tøff haustsesongen. Heile 10 kampar skal spelast innan midten av oktober. 6 av desse på bortebane. Då er det ei lukke at vi har ein god stall og plukke spelarar frå.

I vår tapte vi knepent 2-1 mot Sykkylven. No skal det verte spennande å sjå kva for eit av laga som har heldt forma best gjennom sommaren. HaNo/Lepsøy viste fin stigning heile våren. No gjeld det å halde fram den fine trenden.

Vi har også fått styrka stallen i løpet av sommaren. Britt Tove Vedeld Molnes, Julie Longva og Vibeke Flem gjer alle eit slags comeback etter fødsel. Rutina deira vert god å ha utover hausten. i avgang har vi Sunniva Seth og Janne Solveig Kjerstad som skal til Bergen på skule.

12/08-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: