J16 starta haustsesongen med storseier
HarÞy-HaNo 1-9. Ein artig kamp for jentelaget som hadde gode angrep og fekk til det dei hadde trena pÄ. MÄlscorarar for HaNo: Anna Austnes (4), Kamilla Standal (2), Cecilie Olsen (2) og Ane Buner.
HaNo J16 spelte onsdag 18.08 kamp mot HarÞy pÄ HarÞya. Kampen starta bra for HaNo sin del, og etter ei lita stund og nokre gode angrep fekk vi oss ein corner. Eli Rogne la ein god corner pÄ bakerste stolpe, og etter litt \"klabb og babb\" fekk Cecilie Olsen foten pÄ den, og stillinga vart 1-0.

Vidare spelte HaNo godt, med fleire gode angrep, sikre forsvararar og ein stÞdig keeper i Hanna Sylte. HarÞy fekk inn eit mÄl, men det stoppa ikkje jentene! Anna Austnes tok eit raid frÄ midtbana finta seg forbi fleire harÞy-spelarar fÞr ho sette ballen i nota. Den metoden brukte ho like godt pÄ resten av mÄla ho scora og.

PÄ treninga vi hadde fÞr vi reiste til HarÞya trena vi pÄ forskjellige mÄtar Ä \"lÞyse\" ballen. Dette mÄtte vi sjÞlvsagt teste ut. Kamilla Standal gav ballen til Cecilie Olsen som sentra ballen vidare til Emily Smith. BÄde kantspelarane vÄre, KAmilla og Cecilie var dÄ pÄ full fart mot mÄl. Emily la ei flott langpasning opp til Kamilla, som spelte vegg med Cecilie, fekk att ballen og nok eit flott mÄl til HaNo!!

FÞr pause hadde Eli Rogne eit hardt skot mot mÄl, det sÄg ut som det ville gÄ like utanfor stolpen. Men heldigvis var Kamilla pÄ rett plass og fekk plassert den i mÄlet. HaNo gjekk til pause med 4-1.

Etter pause starta HaNo med friskt mot igjen. Innstillinga var at no var det 0-0 igjen, og dei skulle halde oppe trykket og gi alt. Det greidde dei med glans.

Anna Austnes tok seg igjen eit raid, pÄ same mÄte som sist, og stillinga vart 5-1. Like etter prÞvde Cecilie seg igjen, og denne gongen var det Ane Buner som fekk siste tÄa pÄ ballen. HarÞy tok seg saman etter pause, og forsvaret vÄrt fekk mykje Ä gjer pÄ. Men dei greidde seg fint. Emily, Veronica Johnsen Flem og Elisabeth Ylving hadde stort sett kontroll (dei var ikkje inne samtidig vel og merke, berre to i gongen).

Mot slutten av kampen la Eli Rogne igjen ein flott corner. Cecilie var igjen pÄ rett plass, men denne gongen tok ho den pÄ hovudet og fekk eit nydeleg mÄl! Heilt pÄ slutten tok Anna to nye raid som enda i to nye mÄl, og stillinga enda til slutt 9-1 til eit veldig fornÞgd HaNo-lag.

Dei avslutta med stil og dansa seiersdansen som vart til pÄ Norway Cup.

20/08-10
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J16:
J16 HarĂžy - HaNo/LepsĂžy 5-4 (1-1)
J16-siger over Vartdal
J16-siger over Vartdal
INNLEVERING AV DRAKTER
Tap mot Hessa


Hovudsponsorer: