Slitesiger over Giske
HaNo leverte god innsats og arbeidde godt, men presisjonen kunne vore betre i kampen mot Giske. De heldt likevel til siger, der Cato Longva blei matchvinnar midtvegs i andre omgang med ei flott skåring.
5. div. avd 1, 25.08.10, Nordøy stadion.
Kampfakta:
HaNo-Giske 1-0 (0-0)
Mål:
0-1 Cato Longva (66)
Dommar: Odd-Even Svindseth, FK Sykkylven..
Dagens HaNo-spelar: Asgeir Nogva
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Asgeir Nogva
2 poeng: Åge Flem Ulla
1 poeng: Demir Haram

Mange mulegheiter i starten av kampen blei skusla vekk av HaNo. Ein gjekk hardt ut, og mellom anna Vegard Halkjelsvik heada frå kort hald. Kampleiaren bles godt, men hadde nokre uforståelege avblåsingar i Giske-feltet tidleg i kampen der HaNo burde fått sjansen. Åge Flem Ulla løysna eit par skot, men han skulle bli meir avgjerande som tilretteleggjar enn avsluttar denne kampen. Midtvegs i omgangen fekk HaNo dobbeltsjanse etter dødball, men utan resultat. Resultatlaust blei også ei kanon frå Giske sin midtbaneelegant som strauk stolpen.

Hardt ut
Det stod meir på evnen enn viljen i dette oppgjeret for HaNo. Mange la ned eit stort stykke arbeid, men presisjonen måtte betrast, var HaNo einige om i pausen. Det kom seg, men Giske-forsvaret rei av eit massivt trykk i opningsminutta av omgangen. Per Jarle Fjørtoft var nær, det same begge HaNo-stopparane på dødball. Det kom seg i andre omgang, og spelet opna seg meir opp.

Longva avgjorde
Det var likevel same mann som sist som skulle avgjere. Mot Stranda2 skåra Cato Longva tre mål, no blei hans eine avgjerande. Eit brot i midtbaneleddet av hardtarbeidande Åge Flem Ulla var viktig, forseringa og den målgjevande pasninga hans likeså. Cato skaut i krysset frå skrå vinkel. Asgeir Nogva kunne pynta til 2-0, men Giske-målvakta vann den duellen. Giske fekk nokre skot på slutten, men HaNo berga tre poeng mot Giske som har blitt eit langt betre lag enn dei siste to-tre sesongane.

HaNo (4-4-2)
Henrik Åkre-Kristian Furnes, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Demir Haram – Vegard Halkjelsvik, Preben Lorgen, Åge Flem Ulla, Asgeir Nogva- Håkon Longva Haram, Cato Longva,.

Nytta innbyttarar: Per Jarle Fjørtoft, Odd Einar Molnes, Kristian Kalvøy.

Alle foto: Sybell Agathe Flem Rogne

25/08-10
Av: Odd Einar Molnes






Dagens HaNo-spelar: Asgeir. Her med peikefintå. Funka alltid den.


Britt Tove og Synnøve (bakgrunnen) sørga for billettinntektene. 52 betalande tilskodarar må vere årsbeste.


Cato skåra sesongens 13. mål; Ei riktig perle frå skrått hald blei kampens einaste.


Demir byr opp til dans!


Åge fremst i rekkja i duellspelet; Det var han til stadigheit denne kampen.


Kristian Furnes gjorde unna seriedebuten for HaNo, og gjorde eit solid inntrykk.


Håkon Longva Haram starta for første gong i serien, og mange let seg imponere over arbeidsinnsats og haldningane til gutespelaren.


Godt humør mellom spelarane før kamp:)


Prøver på nytt med bilete av Asgeir


Det same med Håkon, her skal det vise:)


Og er vi riktig heldig, så viser biletet av billetteringsavdelinga her også;)



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: