Tap mot Volda2
HaNo/Lepsøy fungerte til tider bra mellom 16 meterane, men framfor begge måla blei det for lett mot tekniske og fotrappe Volda2-spelarar.
3. div kvinner, 29.08.10, Volda stadion.
Kampfakta:
Volda2-HaNo 4-0
Mål:
1-0 Katarina Folkestad (12)
2-0 Monica Hole Bøstrand (48)
3-0 Monica Hole Bøstrand (55)
4-0 Sjølvmål (68)
Dommar: Geir Tjervåg, Haddal IL.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Vibeke Flem
2 poeng: Emily Smith
1 poeng: Sybell Agathe Flem Rogne

Volda sitt førstelag i 2. divisjon slo Ranheim i helga, og andrelaget fulgte opp med siger 4-0 over HaNo/Lepsøy. H/L hang bra med spelemessig i 1. omgang. Øylaget greidde seg like godt som det fotrappe og tekniske gode heimelaget i mange av spelets fasar. Men etter gjenvinning, eller om ein skulle bygge opp angrepet, så blei det noko baktungt. Anna Longva var likevel gjennom etter fem minutt, men det blei avblåst for offside. I staden skåra heimelaget til 1-0, der Ann Kristin Farstad var uheldig med taket på ballen. Farstad gjer rett nok tre glimrande redningar elles før pause. Britt Tove Vedeld Molnes hadde eit par skumle avslutningsforsøk, medan Lillian Kjerstad var nesten heilt gjennom rett før pause.

Presisjon
Trenar Kenneth Ulla ba jentene om betre pasningskvalitet i pausen, sidan ein mista ballen for lett på veg framover. Men berre tre minutt ut i omgangen dobla Monica Hole Bøstrand leiinga etter kommunikasjonssvikt i H/L-forsvaret. Same spelar auka til 3-0 då ho runda keeper og lurte inn ballen i duell med forsvaret. Nathalie Vedeld Dale og Lillian Kjerstad kom begge halvvegs åleine med keeper, men forsvaret rydda opp før avslutningsforsøket. Volda2 krangla også inn 4-0, då ein H/L-spelar var sist på ballen etter hjørnespark. H/L skal spele neste kamp på Nordøy stadion under HaNo-dagane komande søndag mot Herd. Den blir spelt på grasbane med heimepublikum i ryggen. Til den tid må også tenning, løpskraft og pasningspresisjonen opp for laget som etter kvart vil få meir samkøyring med kvarandre.

Nokre bilete til på www.voldasupporter.comhttp://www.voldasupporter.com/visnytt.php?nyhetsid=2973

HaNo/Lepsøy:
Ann Kristin Farstad- Emily Smith, Vibeke Flem, Silje V Haram, Martha Kjerstad- Anna Longva, Britt Tove Vedeld Molnes, Ingrid Farstad, Trude Haram, Lena Farstad- Lillian Kjerstad.

Nytta innbyttarar: Sybell Agathe Flem Rogne, Anna Marøy Austnes, Cathrine Gjerde, Linda Kristin Gjerde, Seline Hoedemakers, Nathalie Vedeld Dale.


29/08-10
Av: Odd Einar Molnes






Linda, Cathrine, Anna (med taktikken klar) og Seline er klar til innhopp.


Silje og Nathalie med løpsduell på oppvarminga.


Lena i duell, med Ann Kristin (målvakt) som observatør.


Emily og Lillian i pausen.


Sander og Kim var to av fleire H/L-tilskodarar.


Trude vender vekk ei Volda-taus.


Even kurar seg inntil Vibeke, som nettopp har forlatt bana etter 83 minutt med solid innsats.



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: