J14 - HaNo - Stordal 1-3
J14 spelte i dag ein av dei beste kampane dei har gjort i sesongen. Dei tok leiinga mot serieleiaren litt før midten av første omgong og haldt 1-0 nesten til pause. Sjølv om HaNo/Lepsøy spelte utruleg bra enda kampen 3-1 til Stordal. Målscorar HaNo/Lepsøy: Kristina Ulla. Må også skryte av Iselin Høgstøyl som gjorde ein kjempekamp i mål!
HaNo/Lepsøy spelte utruleg godt og tok fortent leiinga 1-0 ved Kristina Ulla i midten av første omgong. Rett før pause fekk Stordal også inn eit mål, så stillinga til pause var 1-1. Etter pause haldt HaNo fortsatt oppe trykket. Dei spelte veldig bra, med ei super Iselin Høgstøyl i mål!! Likevel fekk Stordal satt inn 2 mål til. Kampen enda 3-1.

Jentene var kjempenøgde med dagens kamp, som hadde gått veldig mykje betre en sist oss møtte Stordal. Alle var nøgde med innsatsen, og kampen var nesten å rekne som seier! Stordal vann og dei hadde blant anna eit nydeleg mål på frispark. HaNo hadde også manger sjansar med Kamilla Standal og Ane Buner.

Alt i alt ein god kamp som vi er godt nøgde med!! :)

31/08-10
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J14:
Endå eit surt tap for J14!
Surt tap mot Skodje
Tap mot Valder
J14 - HaNo - Stordal 1-3
J14 HaNo - VRF


Hovudsponsorer: