HaNo vart kontra i senk
I første omgang var det klasseforskjell på laga, og Hessa leda fortjent til pause. Etter kvila jamna det seg ut, og HaNo ”vann” andre omgang 2-1.



5. divisjon menn
HaNo – Hessa 2-6 (0-4)
Nordøy stadion
0-1 Øyvind Pickard (15)
0-2 Øyvind Pickard (24)
0-3 Thomas Rekdal (27)
0-4 Christoffer Honningsvåg (29)
0-5 Thomas Rekdal (46)
0-6 Øyvind Pickard (75)
1-6 Lars Åkre (80)
2-6 Michael Austnes (90+1)
Dommar: Odd Arne Granda, Skodje

Stjerner HaNo:
*** Preben Lorgen
** Åge Flem Ulla
* Asgeir Nogva

Kenneth Ulla



Ramma var den aller beste då HaNo inviterte Hessa til kamp under årets HaNo-dagar. Flott ver, flott bane og godt med publikum skulle vere inspirasjon nok for heimespelarane. Men det skulle raskt vise seg at det var karane frå ytre bydel som var mest inspirerte. Allereie etter 3 minutt fekk gjestane ein gedigen sjanse. To mann kom åleine med Sindre Longva i HaNo sitt mål. Longva serverte ei fenomenal refleksredning, før dommar Grande også bles for offside. Og det var Hessa som fortsatte presset. Nils Ottar Sandø avslutta via eit HaNo – bein og like utanfor etter 8 minutt, og det var difor ikkje ufortent at Hessa tok leiinga etter kvarteret. Raske Øyvind Pickard skapte trøbbel for HaNo – forsvaret kampen gjennom. Og han var frampå å sette ballen i mål då det oppstod kommunikasjonssvikt i HaNo – forsvaret

Upresist
Hessa spelte slik ”kuntgraslag” ofte gjer; fint småspel med få touch. Når dei varierte det med raske kontringar og ballar i bakrom, vart det ein hektisk 1. omgang for HaNo. Heimelaget på si side var meir upresis i pasningsspelet. Og dei lange ballane mot Per Jarle Fjørtoft, vart enkel mat for Hessa sin meget gode mitdstoppar Christoffer Syversen. Øyvind Pickard auka til 0-2 på eit gjennomløp og lobb over keeper. 0-3 ved Thomas Rekdal etter at 3 Hessa – spelarar fekk stå fri på bakerste stolpe etter corner-retur. 0-4 var kampen sitt finaste mål. HaNo var i angrep. Hessa braut, og gjennomførte ei perfekt kontring som sendte Christoffer Honningsvåg åleine gjennom. HaNo fekk sin einaste sjanse i omgangen då Per Jarle Fjørtoft nesten rakk fram på eit innlegg frå Cato Longva etter vel halvtimen. For HaNo sin del var det mykje å rette på i pausa. Pasningsspelat sat ikkje, jobbinga utan ball foregjekk mykje ein og ein, og den defensive organiseringa var rufsete. Mot eit godt Hessa – lag, vart heimelaget hardt straffa.

Mykje betre etter pause
Trenarane Molnes og Hansen hadde tydelegvis gitt klare meldingar i pausa. For med unntak av Thomas Rekdal sitt 0-5 etter 25 sekund av 2. omgang, var heimelaget fullt på høgde med gjestane dei siste 45 minutta. Lars Åkre kom inn og sette fart i HaNo – angrepet. Med god fart og solid jobbing, gjorde han det mindre kjekt å vere Hessa-forsvarar. Lars skulle også få æra av å sette inn det første av HaNo sine trøstemål. Han heada eit innlegg frå Asgeir Nogva i nota. Michael Austnes stonga inn ein corner frå Odd Einar Molnes på overtid og sørga for 2-6. Før HaNo sine mål hadde Øyvind Pickard skåra sitt tredje for dagen med eit skot via stolpen.
I 2. omgang viste HaNo i perioder kva som bur i laget. Då turte spelarane å halde i ballen, og pasningsspelet var av ein betre kvalitet enn i første. Men ein fotballkamp varer som kjent i 90 minutt, så her må det trenast på 1. omgangar:)

05/09-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: