HaNo/Lepsøy gode i periodar
HaNo/Lepsøy viste i periodar at dei er på høgde med Herd, men kampen sett under eitt var H/L eit stykke frå poeng. Kjekt at dei omsider fekk eit mål, på overtid ved Anna Marøy Austnes.
3. div kvinner, 05.09.10, Nordøy stadion.
Kampfakta:
HaNo/Lepsøy-Herd 1-4
Mål:
0-1 (30)
0-2 (48)
0-3 (53)
0-4 (77)
1-4 Anna Austnes (90+1)
God dommar: Palmar Blindheim, Blindheim.
Dagens HaNo/Lepsøy-spelar: Britt Tove Vedeld Molnes
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Britt Tove Vedeld Molnes
2 poeng: Vibeke Flem
1 poeng: Tone Elise Austnes

H/L opna med å vere relativt kontant og flinke i forsvar. Men 4-5-1 formasjonen gjorde øylaget noko baktungt. Dei gongane HaNo fekk ballen fram til sin einslege spiss, greidde ikkje laget å kome etter. H/L arbeidde seg likevel sakte, men sikkert inn i kampen. Difor synd at Herd tok leiinga på hjørnespark ved Ingvild Ekrem. Rett før pause var H/L nær utlikning; hurtige Nathalie Vedeld Dale var frisk denne kampen, kom åleine med keeper, men avslutninga gjekk over. Herd heldt på å doble leiinga då ein spelar kom forbi målvakta, men heldigvis pressa Vibeke Flem spissen nok til at avslutninga gjekk utanfor målet.

Gode tendensar
Trenar Kenneth Ulla gjorde om i pausen, flytta opp ein spiss til, og HaNo kom meir med i spelet. Men det var Herd som var farlegast når dei først angreip. Skuffande nok var det dødballar dei skulle skåre tre mål på i denne kampen. 0-2 kom like etter pause etter frispark, der H/L ikkje greidde å rydde vekk returen målvakta gav. 0-3 kom frå Herd sin venstrekant og ei avslutning hardt i mål. 0-4 på nok ein corner. H/L hadde bra med krefter på slutten, og skal ha honnør for at dei prøvde og spele god fotball sjølv om kampen var avgjort. Det talrike publikummet under HaNo-dagane fekk sjå at det bur til tider godt spel og gode angrep i laget. Fleire gonger kom ein rundt på spesielt høgrekanten, og skapte nokre brukbare sjansar. Anna Marøy Austnes skåra etter godt slått hjørnespark på overtid og sikra eit etterlengta mål i alle fall.

HaNo/Lepsøy:
Ann Kristin Farstad- Emily Smith, Vibeke Flem, Tone Elise Austnes, Silje V Haram- Anna Longva, Britt Tove Vedeld Molnes, Julie Longva, Trude Haram, Ane Forr Austnes- Nathalie Vedeld Dale.

Nytta innbyttarar: Lena Farstad, Anna Marøy Austnes, Sybell Agathe Flem Rogne, Linda Kristin Gjerde, Seline Hoedemakers.

05/09-10
Av: Odd Einar Molnes






Kaos framfor HaNo-keeperen gir 0-2 like etter pause.


Silje må få stramma teipen litt i pausen av trenar Kenneth.


Det balla på seg, også for ballhentar Adrian.


Lena og Emily sørga for H/L siger i denne duellen.


Julie spelte både midtbane og spiss i dagens kamp.


Ekspertkommentatorane på plass øvst på tribuna.



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: