Norborg og Vigra i knallform
HaNo-Åram/Vankam og Sunnylven-GuLars avsluttar den 17.serierunden laurdag. Dei fire hine kampane torsdag baud på overraskingar: Norborg knuste Stranda borte, og HaNo sin botn-rival Vigra opplever Erlend Holm-effekt, og vann sin tredje strake med å slå Herd borte!


Resultat 4. divisjon torsdag:
Stranda-Norborg 1-4
Herd-Vigra 1-2
Vartdal-Bergsøy 1-4
Ørsta-Ørskog 4-2

Trenar Ivar Roald og mannskapet frå Gryta/Søvik er dermed i opprykksposisjon, trass i ein aldri så liten spelarflukt i sommar. No er berre Stranda framføre, og Preben Lorgen og Stian Haram sitt Herd er henvist til tredjeplass. Bergsøy på fjerde er også i høgste grad med i opprykkskampen igjen.

Vigra har auka poengbeholdningen si med 9 poeng etter ferien og har berre tre mindre enn HaNo. Med konsulenthjelp frå Erlend Holm (Aafk) har dei gjort eit kraftig byks etter sommarpausen.

Den tette tabellen både i topp og botn finn du ved å trykke på ”herrelaget” og deretter \"Tabell og terminliste\".

PS! Anbefalar også ein tur innom www.stordal.nu som alltid har fyldige og kjappe oppdateringar på all sunnmørsfotball gjennom heile sesongen.

05/09-08
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: