God kamp
J16 HaNo-Godøy 3-2 (3-1). Godøy er topplaget i pulja vår. Dei har ikkje tapt ein einaste kamp i år, men i går fekk dei hard kamp mot eit svært godt HaNo-lag. Godøy hala i land seieren, sjølv om kampen var svært jamn og kunne gått begge vegar. Målscorarar for HaNo: Cecilie Olsen og Kamilla Standal.
Kampen starta bra, med godt spel begge vegar, sjølv om Godøy pressa litt meir enn HaNo. HaNo-jentene kjempa godt, og det var 0-0 langt ut i første omgong. Til slutt fekk Godøy satt inn eit mål, og stillinga vart 1-0. HaNo kriga vidare, og ikkje lenge etterpå prøvde Cecilie Olsen seg frå langt hald og ballen gjekk i mål! Godøy auka til 2-1, og så 3-1 like før pause, og HaNo-gjengen kom sletne og fortvila av bana.

\"Oss ska greie ditta her jente!\" var ei av dei få oppmuntringsorda som kom. Heldigvis er det ein kjekk gjeng, med ein utruleg motivasjon, og dei gjekk inn på bana igjen for å verkeleg vinne denne kampen. Dei kriga utruleg bra, var tøffe, gjekk i taklingar og prøvde fleire skot på mål. Heilt utruleg uflaks at vi ikkje fekk inn meir enn eitt mål! Og det var Kamilla Standal si forteneste. Ho finta seg gjennom og sette ballen i nota. 3-2.

Stillinga enda 3-2, sjølv om Eli Rogne hadde eit nydeleg frispark som hadde gått om det ikkje var for ein HaNo-spelar som stod i vegen. Alle HaNo-spelarane kjempa godt i går, og spesielt må vi ta fram Hanna Sylte som stod ein utruleg god kamp i mål! Ho redda det meste som var å redde, og redda fleire av dei gode Godøy-angrepa.

10/09-10
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J16:
J16 Harøy - HaNo/Lepsøy 5-4 (1-1)
J16-siger over Vartdal
J16-siger over Vartdal
INNLEVERING AV DRAKTER
Tap mot Hessa


Hovudsponsorer: