Surt tap mot Skodje
J14 Skodje - HaNo 8-4 (3-2). Kampen starta greit, med fleire sjansar til begge lag. Etter ca. halve første omgong spelt var HaNo uheldige og sette inn 1-0 i feil mål, og Skodje tok dermed leiinga. Men spelet haldt seg jammnt til slutten av andre omgong. Stillinga var 4-4, og jentene lukta på seier. Men då sette Skodje inn sluttgiret sitt, jaga på og fekk satt inn fire kjappe. Stillinga enda dermed 8-4. Målscorarar HaNo/Lepsøy: Kamilla Standal (2), Charlotte Farstad og Ane Buner.
HaNo spelte ein god kamp i går, og fortente litt betre resultat enn det vart. Men slik er fotball, det snur fort.I går viste jentene at dei var gode på corner, og hadde fleire store sjansar på mål. I tillegg viste dei at dei kunne kjempe visst dei ville og spelte ein veldig god kamp mot Skodje.

Kamilla Standal viste seg fleire gongar oppe på spissen, og finta seg gjennom forsvaret. Ho kom seg heilt igjennom fleire gongar, men fekk dessverre sett berre eitt mål. Kristina Ulla prøvde \"storsleggjå\" si, men dessverre var også ho litt for god venn med tverra og stonga. Charlotte Farstad scora sitt første mål for i år på corner, og kantspelarane våre Marianne Ulla, Amalie Haram og Natalie Vindsnes viste god kampevne og tøft spel når dei var på bana. Ane Buner og Kamilla Standal hadde og eit glimrande veggspel, som enda med at Kamilla sette ballen i nota. Ida Davik, Jeanette Aakre og Malene Seth rydde godt opp i forsvar, og Iselin Høgstøyl stod som ein vegg i mål!

J14 var i kjempeslag i går, men tapte seg litt på slutten. Neste kamp skal vi kjempe heilt ut, og då skal vi hale seieren i land!

14/09-10
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J14:
Endå eit surt tap for J14!
Surt tap mot Skodje
Tap mot Valder
J14 - HaNo - Stordal 1-3
J14 HaNo - VRF


Hovudsponsorer: