Poengdeling i spennande oppgjer
Aksla-HaNo 2-2.
HaNo hadde svært mange målsjansar i sin gode andreomgang, men då måla let vente på seg kontra Aksla på farleg vis og skapte gode målsjansar dei også. Slik sett greitt med uavgjort etter spel og sjansar.
5. div. avd 1, 15.9.10, Ratvika stadion.
Kampfakta:
Aksla-HaNo 2-2 (1-0)
Mål:
1-0 (32)
1-1 Odd Einar Molnes (51)
2-1 (58)
2-2 Per Jarle Fjørtoft (83)
Dommar: Arne Per Andersen, Aafk.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Åge Flem Ulla
2 poeng: Cato Longva
1 poeng: Michael Austnes

HaNo opna uvant godt med tanke på kunstgrasunderlag. Ballen gjekk brukbart frå mann til mann, og kantane kom med i spelet, og ein kom til innlegg. Ikkje så mange sjansane skapt, der Per Jarle Fjørtoft si heading frå Vegard Halkjelsvik sitt innlegg var den beste. Aksla tok gradvis over banespelet første omgang, og HaNo gjorde ikkje godt nok kollektivt arbeid utover i omgangen. Heimelaget heva seg, medan HaNo fekk meir fokus på at det ikkje gjekk så bra, og når kvar spelar dett 10-20 % i kvalitet og innsats blir det mange prosent til saman på eit fotballag. Aksla fekk 1-0 på corner.

Kva skjedde?
Eit heilt anna HaNo-lag kom på bana i andre omgang. Duellane blei vunne, pasningane hadde adresse, og innsats og moral var på eit anna nivå. Utlikninga kom ved Odd Einar Molnes som traff halvgodt på eit skot som sneik seg stolpe og inn. HaNo pøste på, og Per Jarle Fjørtoft og Cato Longva på topp kom seg stadig til sjansar etter godt spel frå bortelaget. Likevel skåra Aksla til 2-1 etter innlegg, deretter fin dragning og god avslutning frå deira slepne høgrekant.

Satsa framover
Sjansane og det aggressive spelet til HaNo heldt fram. Teljande resultat blei det då Håkon Haram la inn til Per Jarle, som endeleg traff med headinga si. Etter dette kunne kampen bikka begge vegar. For publikum blei det intenst og spennande sidan HaNo kriga til seg nye sjansar med sitt offensive 3-4-3 system, medan Aksla kontra skummelt med jamne mellomrom. Difor fortent sluttresultat med uavgjort.

Stordal neste
HaNo plukka endeleg poeng igjen, og kan vere stolt av innsatsen i andre omgang. Til neste kamp, Stordal heime laurdag 25/9, må vi prøve å heve botnnivået vårt. Vi må snu dei dårlege periodane raskare, og fokusere på korleis vi kan heve oss, ikkje grave oss ned i dårlege prestasjonar.

HaNo (4-4-2)
Henrik Åkre- Kristian Furnes, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Demir Haram – Odd Einar Molnes, Preben Lorgen, Åge Flem Ulla, Vegard Halkjelsvik-Cato Longva, Per Jarle Fjørtoft.

Nytta innbyttarar: Håkon Longva Haram, Kristian Kalvøy, Dag Peter Olsen, Olve Steen.

15/09-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: