Siger over Stranda!
Nathalie Vedeld Dale blei kampens einaste målskårar då HaNo/Lepsøy møtte Stranda til kamp på Lepsøy stadion laurdag. Fortent siger, seier rapportane frå Lepsøya. hanofk.no gratulerer jentene med tre poeng:)
Endeleg kom sigeren

På ei tung med god grasbane på Løvsøya, drog HaNo/Lepsøy i hamn ein fortent siger. For første gong i år helt laget nullen bakover. Då heldt Nathalie Vedeld Dale si skåring til 3 poeng.

HaNo/Lepsøy 1-0 (0-0)
Lepsøy stadion
1-0 Nathalie Vedeld Dale
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg
Gule kort: Eitt til kvart lag

Stjerner HaNo/Lepsøy
*** Julie Longva
** Ann Kristin Farstad
* Marta Kjerstad


Trass stadig framgang utover i sesongen, har poenga late vente på seg for HaNo/Lepsøy sitt damelag. Laurdag var Stranda motstandar for første gong denne sesongen. Og det var gjestane som opna best dei første minutta. Heimelaget var noko tafatt i starten, kanskje takka vere ei noko hektisk oppvarming? Men etter at Stranda hadde hatt nokre halvfarlege forsøk, var det HaNo/Lepsøy som tok kommandoen. Forsvarsfiraren spelte konsentrert og sikkert heile kampen, og denne tryggheita spreidde seg framover i bana. Spelarane turte å ta tak i ballen, og i perioder varta heimelaget opp med godt angrepsspel. Lillian Kjerstad fekk den første store sjansen. Ho passerte keeper, men skotet frå skrått hald vart redda på streken. Spisskollega Julie Longva spelte sin første heile kamp etter comebacket, og Julie var viktig i det offensive spelet. Ho heldt godt i ballen, og var flink til å spele gjennom lagvenninnene. Britt Tove Vedeld Molnes, Lena Farstad og Julie Longva hadde alle gode avslutningsforsøk utan å lukkast.

God keeper
Ann Kristin Farstad i HaNo/Lepsøy sitt mål, hadde ikkje all verda å gjere denne gongen. Men dei gongane ho var involvert, var ho sikker og god. Særleg returredninga midtvegs i omgangen var det klasse over. Trass eit lite overtak til heimelaget, gjekk laga til pause utan mål i protokollen.
Tidlegare i sesongen har også HaNo/Lepsøy vore spelemessig på høgde med motstandarane. Då har motlaget alltid teke leiinga. På laurdag snudde denne trenden. Julie Longva fann Britt Tove Vedeld Molnes med eit legg på bakerste stolpe. Ho la inn til Nathalie Vedeld Dale som sette inn sitt første seriemål. Då var det jubel hjå heimelaget. Og HaNo/Lepsøy fortsatte å spele fin fotball. Julie Longva rakk nesten fram på eit innlegg, Ingrid Farstad avslutta flott på volley frå 25 meter, og Ane Forr Austnes vart takla i det ho skulle sette ballen i lengste frå 12 meter. Stranda på si side hadde svært få sjansar dei første 40 minutta av 2. omgangen. Det vart med nokre skot frå distanse som keeper Farstad tok seg av. Men dei siste 5 minutta vart spennande. Stranda sette inn ein sluttspurt, og heimelaget vart litt stressa av å ha poenga halvegs ned i lomma. 3 hjørnespark vart avklart, før dommar Hatlehol ga Stranda eit noko billeg indirekte frispark frå 14 meter. Men denne kampen ville heimelaget vinne, og spelarane ofra seg i blokkeringa av skotet. Dermed ebba kampen ut med 3 velfortente poeng til HaNo/Lepsøy. Gledeleg å halde nullen for første gong i år, noko som skuldast god defensiv jobbing, og solid keeperspel. Offensivt fortsett den fine framgang spelemessig. Også på laurdag vart det skapt brukbart med målsjansar, og det var nok til å sikre sigeren. Framleis er det 4 kampar att av sesongen. 3 av dei er borte, medan siste heimekampen går på Nordøy stadion mot Volda2 3. oktober



18/09-10
Av: Odd Einar Molnes






Stor jubel då sigeren var i boks






5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: