Uavgjort mot Stranda
J16 HaNo-Stranda 4-4 (2-3).
Kampen gjekk tidleg laurdag sidan både trenaren og nokre av jentespelarane skulle vidare på damekamp. Kampen var spanande, og begge laga hadde fleire sjansar. HaNo stod på, og leia 4-3 mot slutten, men ein liten glipp gjorde at Stranda utlikna. Målscorarar for HaNo: Anna Austnes, Veronica Johnsen Flem, Eli Rogne og Ane Buner.
Kampen starta godt for HaNo som gjekk rett i eit knallhardt angrep der Cecilie Olsen fekk inn eit godt skot på mål som kom i retur. Anna Austnes tok returen, og stillinga var 1-0 etter berre ca. 20 sekund!!

Stranda pressa tilbake, og ikkje so altfor lenge etterpå utlikna dei. Litt lengre ut i omgongen auka dei til 2-1, men HaNo kjempa i mot og fekk eit indirekte frispark frå midtbana. Veronica Johnsen Flem dora til med \"storsleggjå\" og ballen tøtsja ein Stranda-spelar før den gjekk i målet. Dermed var det no uavgjort igjen. Stranda tok leiinga 3-2 til pause.

Etter pause starta HaNo-jentene med friskt mot igjen. Dei jobba på, og etter ein god corner frå Veronica, sette Eli Rogne ballen i nota. Stillinga var 3-3, og HaNo var bestemte på å få inn fleire mål. Med ei teknisk Cecilie Kalvøy på høgrekanten hadde HaNo fleire gode angrep mot mål. Ca. midt i andre omgong fekk Ane Buner kjempa med seg ballen, og satt inn 4-3. Jentene kjempa no hardt for å halde leiinga, men etter ein liten glipp etter ein corner fekk Stranda inn 4-4 målet.

HaNo gav ikkje opp, og kjempa til siste slutt. Anna Austnes hadde blant anna eit skot der keeperen til Stranda hadde ei superredning. Stillinga enda 4-4, noko vi var nøgde med!

Jeanette Aakre hadde sin debut på J16 i dag, og sjølv om ho ikkje fekk all verda med speletid, gjorde ho jobben sin når ho var på bana. Resten av laget spelte og veldig godt! Anna Austnes og Emily Smith reiste vidare til Lepsøya på damekamp, og var med på å hale seieren i land for damene der :)

19/09-10
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J16:
J16 Harøy - HaNo/Lepsøy 5-4 (1-1)
J16-siger over Vartdal
J16-siger over Vartdal
INNLEVERING AV DRAKTER
Tap mot Hessa


Hovudsponsorer: