HaNo tapte poeng på overtid
Laurdag under HaNo-dagane hadde heimelaget sjansen til å få seks poeng forsprang på gjestane i kampen for retten til å spele i 4. divisjon også neste sesong. Det starta godt med tomålsleiing til pause. Men etter kvilen ville det seg ikkje for HaNo.
4. divisjon:
HaNo tapte poeng på overtid
HaNo – Åram/Vankam: 2 - 2 (2– 0)
Nordøy gras
180 tilskuarar

Mål: 1 – 0 Odd Einar Molnes ( 9 min)
2 – 0 Lars Petter Haram ( 18 min)
2 – 1 Kennet Bellen ( 91 min)
2 – 2 Ole Per Kragset, straffe ( 94 min)

Dommar : Øystein Ytterland, Valder
Gult kort : Ole Per Kragset, Åram/Vankam

Dagens HaNo-spelar: Michael Austnes

Dei elleve utvalde:
Lasse Buck, Odd Einar Molnes, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen, Åge Ulla, Lars Petter Haram, Cato Longva , Asgeir Nogva, Stig Frode Longva og Lars Åkre

Desse gjorde sprelske innhopp frå benken:
Audun Steen, Per Jarle Fjørtoft, Eirik Flem Slyngstad, Stig Erik Nogva og Kent Inge Klokk

Laurdag under HaNo-dagane hadde heimelaget sjansen til å få seks poeng forsprang på gjestane i kampen for retten til å spele i 4. divisjon også neste sesong. Det starta godt med tomålsleiing til pause. Men etter kvilen ville det seg ikkje for HaNo. ”Vi slit med å få tak i ballen og blir springande imellom,” forklarer kaptein Lars Petter ”LP” Haram. På overtid reduserte gjestane to gonger og lurte med seg eit poeng.

Første halvtimen var HaNo gode. Laget vann duellane, fekk til kantspel og skapte sjansar. Odd Einar Molnes skaffa HaNo leiinga. Molnes, som spelte ein god kamp i HaNo sitt forsvar, fekk føre ballen frå eigen halvdel og avslutte med eit flatt skot som rulla i mål bak fjorten år gamle Kristoffer Strand i gjestemålet. Lars Åkre uroa nok målvakta ved eit flott tversoverløp i feltet.

Molnes var også arkitekten bak 2 – 0 då han la eit perfekt legg på hovudet til ”LP” som skåra vakkert på bakre stolpe. Like etter fekk ”LP” nok ein sjanse på hovudet, men nikka rett på målvakt Strand frå kort hald. ”LP” lurer nok på korleis han kunne unngå skåring på den sjansen. Etter dette hadde både Lars Åkre og Stig Frode Longva klare sjansar til å punktere kampen, men ballen ville ikkje over streken.

Gjestane dominerte andre omgong. Dei ville mest, sprang mest og vann dei fleste duellane. Ikkje rart at HaNo-spelarane vart springande imellom. Dei greidde ikkje å jobbe i lag slik som før pause. Takka vare godt forsvarsspel og ei sikker målvakt i Lasse Buck, såg det ut til å gå mot heimesiger. Men på overtid glapp det. Først reduserte Kennet Bellen etter nøling i forsvar. Og like etter ”laga” rutinerte Ole Per Kragset straffespark, slik han har gjort mange gonger før. Han skåra sikkert. Dermed uavgjort, noko HaNo følte som tap, gjestane som siger.

Men etter den gode andre omgongen var det slett ikkje ufortent at laget greidde uavgjort. Særleg midtbana spelte godt, og trass mange innbyte greidde HaNo aldri å få overtaket. Tvert imot var det godt forsvarsspel med ein solid Michael Austnes i spissen, som skaffa eit poeng.
Dommar Øystein Ytterland dømde godt, men litt uklart kvifor han la til fem minutt i ein omgong utan særleg stopp i spelet..

PS: Kampen opna med litt show. Endeleg fekk Bent Austnes kamp nummer hundre for HaNo, som bryllaupsgåve. Speaker Remme gav han også ærespris for den mest feilfrie spelarane på bana. Så gav heller ikkje tretti sekund speletid og eit spark på ballen gav ikkje store rom for feil….


Gunnar Standal

08/09-08
Av: Kent Inge Klokk














































5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: