Status Nordøyhallen
Ringmuren er ferdig støypt, og vi er no i ferd med å gjere klart til hallen kjem.
Etter omlag 650 dugnadstimar, er no ringmuren ferdig støypt. Totalt 56 personar har vore innom dugnadane. 13 av desse har lagt ned 15 timar eller meir. Dei mest ivrige har bikka 60 timar.

No ventar vi på at Longva Maskin kjem for å fylle inn til murane. Deretter kjem O.B Wiik for å sette opp hallen.

Vi i hallnemda er no i ferd med å gjere klart for at trailarane skal kunne kome. Mellom anna må vi felle tre nede ved skulen slik at bilane kjem seg forbi.

Ellers pågår jobbinga med økonomien ved sida av. Vi håper at det ruller nokre kroner til inn på kontoen, slik at vi kan få på plass sportsgolvet i første byggefase.

22/09-10
Av: Kenneth Ulla






Ivar, Per Arne, Kenneth og Per Olav (fotograf), var tysdag på plass ved skulen for å sage ned det største av dei 45 år gamle grantrea nedanfor barneskulen. Det var slett ikkje greinalaust....






5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: