HaNo vann målrik thriller
HaNo drog til slutt det lengste strået i ein velspelt, vekslande og spennande damekamp under HaNo - dagane søndag. Framfor eit talrikt publikum, viste HaNo tidvis godt spel, og vann til slutt fortent.
HaNo vann målrik thriller

2. div kvinner
HaNo - Herd 4-3 (2-2)
Nordøy stadion
ca 150 tilskodarar
1-0 Sunniva Tomren (19)
2-0 Linda Kristin Haram (22)
2-1 Benedikte Rønning (26)
2-2 Solveig Sørdal (42)
2-3 Solveig Sørdal (53)
3-3 Kari Longva (70)
4-3 Sunniva Tomren (75)

Dommar: Odd Arne Grande, Skodje

HaNo - børsen
*** Kari Longva
** Britt Tove Vedeld
* Sunniva Tomren


Kenneth Ulla

HaNo opna kampen forrykande. Høg aggresivitet, god bevegelse og godt pasningsspel kjenneteikna heimelaget dei første 25 minutta. Elisabeth Longva og Kari Longva hadde begge store sjansar til å gi HaNo - leiinga før 10 minutt var spelt. Og det skulle gå 15 minutt før Herd var nær noko som likna eit angrep. Sunniva Tomren sørga for fortent heimeskåring då ho fekk ein fin stuss frå Trude Haram, og sette ballen sikkert i nærmaste hjørnet. Få minutt seinare vart Kari Longva spelt fint fri av Britt Tove Vedeld. Keeper redda i første omgang, men Linda Kristin Haram var våken og sette returen i mål.

Herd meir med
Om dei første 25 minutta var gode frå HaNo si side, var siste del av 1. omgang eit lite antiklimaks. Herd fekk meir spelerom, og HaNo ga frå seg det initiativet dei hadde hatt. 2-1 kom ved Benedikte Rønning etter innlegg, og like før pause kom 2-2 på eit skot etter nølande forsvarsspel frå HaNo si side.
- Eg var skuffa i pausa, oppsummerte HaNo - trenar Odd Einar Molnes etter kampen. Etter ei flott opning på kampen, så var vi ikkje fornøgde med det vi presterte siste 20 minutta av omgangen.

Fortent siger
Etter kvila var kampen ganske jamn, men med HaNo eit lite hakk føre. Likevel var det Herd som tok leiinga då Solveig Sørdal fekk krangla ballen i mål etter ei uheldig HaNo - avklaring. Men heimespelarane viste moral, og kjempa seg inn i kampen igjen. Kari Longva sørga for redusering då ho avslutta ei strålande HaNo - kontring, og Sunniva Tomren vart match-vinnar ved å skru ein corner rett i nota.
- Det vart som venta ein tett kamp, slo trenar Molnes fast etter kampslutt. I vår enda det med 4-4 på Herdtun. Eg er godt nøgd med at vi rodde oss inn igjen, og greidde å snu kampen tilbake i vår favør.

08/09-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: