Heiderleg innsats, men tap
HaNo hang med spelemessig mot opprykksklare MSIL. Men heimelaget viser ikkje stor skåringsform om dagen, og dermed blei det med 0-2.
5. div. avd 1, 10.10.10, Nordøy stadion.
Kampfakta:
HaNo-MSIL 0-2 (0-2)
Mål:
0-1 Carl Petter Berntsen (16)
0-2 Stian G. Hellevik (19)
Dommar: Palmar Blindheim, Blindheim.
Dagens HaNo-spelar: Odd Einar Molnes
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Odd Einar Molnes
2 poeng: Kristian Furnes
1 poeng: Henrik Åkre

Michael Austnes (karantene), Per Kristian Klokk og Per Jarle Fjørtoft var ikkje med denne gongen, men mange HaNo-spelarar som fekk sjansen frå start gjorde manns jobb. Vi er ikkje nøgde med å tape ein fotballkamp, men det er verre om vi ikkje verken prøvar eller produserer noko som helst.

For det gjorde vi. Cato Longva og Lars Petter Haram hadde store sjansar til å redusere i førsteomgang, etter at Calle Berntsen og Stian Hellevik hadde tatt neste års 4. divisjonslag i leiinga. Men det er ikkje skåringsform som pregar HaNo no på tampen av sesongen. Det same kan ein oppsummere andreomgangen med: MSIL skapte sjølvsagt sjansar (dette er kun deira andre mållause andreomgang i år, ref msil-fotball.no), men det nykomponerte HaNo-forsvaret gjorde eigentleg ein bra jobb denne søndags ettermiddagen. Henrik Åkre opptredde sikkert bakerst.

Preben Lorgen arbeidde godt sentralt på midten. Men det blei berre sporadisk gode angrep. Cato Longva fekk den største sjansen etter gjennomspel frå venstresida. Glimrande gjennomløping, men avslutninga typisk nok i stolpen. Mauseidvåg & Solevåg IL rykkjer opp i 4. divisjon, og møter Hovdebygda om KM-tittelen i 5. divisjon no i oktober.

Det blir no fotballpause framover eit par veker. Ein sesong som enda med 7. plass på tabellen. Under målsettingane vi sette oss i januar. Men om ikkje lenge set vi opp fredagstreningar der vi forhåpentlegvis blir litt folk som held ved like forma, medan vi ventar på hallen og ein ny sesong:)

HaNo (4-4-2)
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Kristian Furnes, Demir Haram, Odd Einar Molnes- Åge Flem Ulla, Preben Lorgen, Lars Petter Haram, Vegard Halkjelsvik- Cato Longva, Kenneth Ulla.

Nytta innbyttarar: Mads Uri, Olve Steen og Sindre Longva.

10/10-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: