220 på HaNo-fest
Ekstra bord og stolar måtte til, hundrevis av kakestykker gjekk ned og store som små blei heidra etter fenomenal innsats i sesongen 2010. For mange er pausen kort: - Møt på trening på tysdag, var beskjeden trenar Rolf Longva hadde til G13-spelarane:)

Mange nøgde spelarar fekk sine statuettar og diplomar, og på bileta under kan ein også sjå kor mange trenarar og lagleiarar som skal til for å drive alle fotballaga. Og det er som vi veit meir enn trenarar og lagleiarar som skal til. 95 verv er det i klubben, kunne leiar Kenneth Ulla fortelje. Takk til alle dei, og for alle som har bidratt med stort og smått i året som har gått for glimrande innsats! Ekstra stas blir det når så mange foreldre og andre tek turen og for å feire oss sjølve på HaNo-festen.

På seniorsida blei det delt ut utmerkingar for runde antall spelte kampar, og desse fekk ei ekstra utmerking som dei kan sette på peishylla:

Årets gjennombrot damelaget: Anna Longva
Årets spelar damelaget: Ingrid Farstad
Årets gjennombrot herrelaget: Demir Haram
Årets spelar herrelaget: Cato Longva

24/10-10
Av: Odd Einar Molnes






G8 sirlig på plass:)


Trenar Andreas Flem fortel blåsarhistorier frå året som har gått til delar av G10-laget.


Så mange lagleiarar og trenarar fekk takk etter ein flott sesong. Og her er ikkje alle til stades heller.


Trygve Rogne var ein av fire som fekk fortenestediplom. Siv Ulla Otterlei, Sunniva Tomren og


...og Bjarne Lorgen den fjerde for å fullføre den biletteksten. Trygve takkar publikum.


Rorar Kalvøy fekk ekstra takk for jobben som Norway Cup-general for G16 og J16 som var avgårde i sommar.



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: