Thriller enda uavgjort
HaNo hadde i andre omgang ei 3-1 leiing, medan Herd slo tilbake og tok leiinga 4-3 ti minutt før slutt. I den jamne og spennande kampen utlikna HaNo og Sunniva Tomren med eit flott frispark, slik at HaNo fortent fekk med seg eitt poeng heim att.

3. div kvinner:
Herd -HaNo 4-4 (0-1)
Mål HaNo: Julie Longva, Marita Longva, Linda Kristin Haram, Sunniva Tomren.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Britt Tove Vedeld
2 poeng: Sunniva Tomren
1 poeng: Julie Longva


Odd Einar Molnes

HaNo pressa på i starten, og spesielt på venstrekanten skapte ein nokre mulegheiter. HaNo fekk nokre hjørnespark også, og etter 28 minutt med teljande resultat. Sunniva Tomren slo inn, og midtstopperparet skulle spele viktige roller i HaNo sitt leiarmål, og einaste skåring før pause: Vibeke Flem heada knallhardt, det vart ein retur som Julie Longva sette kontrollert i nota. Sybell Rogne berga glimrande i duellen mot ein Herd-spelar som kom åleine mot ho heilt på tampen av omgangen.

Målorgie og konsentrasjonssvikt
Den andre omgangen blei ei festforestilling for dei alt for få frammøtte. Julie Longva slo gjennom ei flott gjennombrotspasning til Marita Longva, som skåra iskaldt til 2-0 allereie etter to minutt av den andre omgangen. Herd svara, og skåra på corner etter åtte minutt. Då Linda Kristin Haram la på til 3-1 etter 17 minutt av omgangen var det eit håp om punktering av kampen, men Herd svara igjen raskt, og reduserte til 3-2 eit halvt minutt etter. Ikkje berre det, men dei skåra også til 3-3 og 4-3 i ein periode HaNo sov i avgjerande augneblink, der dei ikkje var konsentrert nok i det defensive arbeidet. Det blei eit svært så skjebnesvangert kvarter for HaNo. Herd-spelarane glei for lett gjennom forsvaret, og inni boksa vann dei duellena mot HaNo-forsvaret og fekk avslutte for lett.

Eitt poeng
HaNo skaffa seg eit frispark på hjørnet av 16 meteren fem minutt før slutt. Sunniva Tomren lada venstreslegga, og heldigvis for HaNo gjekk ballen rett i mål. 4-4 blei eit rett resultat etter spel og sjansar mellom to lag som var betre offensivt enn defensivt. HaNo pausar ikkje lenge om dagen, då det er kamp allereie laurdag mot tabellnabo Sunnylven på Nordøy stadion.

HaNo (4-3-3):
Sybell Rogne- Tone Austnes, Julie Longva, Vibeke Flem, Silje Haram- Britt Tove Vedeld, Sunniva Tomren, May Britt Longva- Judith Vestavik, Kari Longva, Elisabeth Haram.
Nytta innbyttarar: Linda Kristin Haram, Marita Longva, Ann Iren Austnes, Ingrid Kjerstad.

26/05-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: