Spelarmøte for seniorlaga
SUS er i ferd med å legge kabalen for sesongen 2011. I den samanheng ynskjer dei å ha spelarmøte med seniorlaga for å informere. Datoen er 2. januar.


Herrelaget: spelarmøte kl 16.00-16.45. Deretter trening i gymsalen frå 16.45 - 18.15.
Det er eit skikkeleg generasjonsskifte på gang på herresida. SUS oppmodar alle unge spelarar om å møte, og samstundes at alle \\\"eldre\\\" spelarar som kan vere med å bidra i trening og/eller kamp, om å gjere det same.

Damelaget: trening 15.30 - 16.45 i gymsalen på Haramsøya. Spelarmøte kl 16.45 -17.15.
Sesongen 2010 var positiv. No gjeld det å halde oppe stimen!

Det er svært viktig at alle som har fått innkalling, eller som ikkje har fått innkalling men har lyst å vere med å trene, gir tilbakemelding til Solveig. Gi melding om du har lyst å vere med, men ikkje kan møte. Solveig sitt mob nr er 99 32 36 67.


28/12-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: