Spelarmøte og trening for herrelaget
HaNo FK sitt herrelag har hatt sesongens første trening. Den var 2. januar, og eit spelarmøte i forkant hadde besøk av 20 spelarar. Trenarsituasjonen er ikkje avklart endå.
Første trening sesongen 2011 er unnagjort i gymsalen på Austnes i går 2. januar. Ca 20 mann var på spelarmøte. Av desse nokre ferierande HaNo-menn som vi forhåpentlegvis gjer oss nytte av i sommar.

Nokre av dei eldre vil nok forhandle seg fram til såkalla \"familiekontrakter\". Kenneth U, Ivar, Per Jarle, Odd Einar og Per Kristian utgjorde pensjonistgruppa på møtet. Åge, Demir, Kristian, Vegard er dei i mellomaldersjiktet som blir megaviktig. Lars Åkre blir med meir enn på nokre år (han definerer nok seg sjølv i mellomaldergruppa)

Elles svært gledeleg å sjå så mange unge, svoltne fotballspelarar på plass!! Mange fleire enn på mange år ser ut til å ta steget opp frå G16-laget til senior. Det var også eit par spelarar som held alderen til G16 også komande sesong på møtet. Meget bra! Det er som det blei sagt, desse vi skal vere med på å bygge opp ikkje berre i år, men i framtidas HaNo.

Så får dei komande vekene og månadane si oppkøyring vise om vi ser resultat allereie i årets sesong. Det skal nemlig kjempast om å halde seg i divisjonen allereie i vårsesongen.

Trenarspørsmålet for herrelaget er ikkje avklart. Vegard Halkjelsvik (som var sjuk i dag) har sagt seg villig til å leie treningane til noko permanent er avklart. Veldig positivt for laget!

03/01-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: