Uavgjort i kommunederbyet
Julie Longva tok HaNo i leiinga med eit lekkert frispark-mål. HaNo hadde føringa med 3-1 tidleg i andre omgang, men Brattvåg jobba godt og kom tilbake. Marianne Otterlei sikra 3-3 med ti minutt att. Begge lag hadde sjansar til å avgjere, men det enda uavgjort. Brattvåg ligg likt med HaNo, men fastlendingane har ein kamp meir spelt.
3.div kvinner, Nordøy stadion:
HaNo-Brattvåg 3-3 (2-1)
Mål:
1-0 Julie Longva (35)
1-1 Vibeke Krogsæter (36)
2-1 Julie Longva (41)
3-1 Kari Longva (48)
3-2 Ingrid Ulstein Fjørtoft (73)
3-3 Marianne Otterlei (81)

Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy IL.

Dagens HaNo-spelar: Julie Longva

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Julie Longva
2 poeng: Britt Tove Vedeld
1 poeng: Silje V. Haram

Juryens dom, Brattvåg:
3 poeng: Bente Hjelseth
2 poeng: Nina Wittsø
1 poeng: Tonje Leine

Av Odd Einar Molnes

Begge lag slit med skadar og forfall om dagen, og benytta mot normalt 13 spelarar kvar. HaNo fekk attpåtil Vibeke Flem skadd med overtrakk midt i første omgang. Julie Longva blei derimot klar i tolvte time, og blei ein forgrunnsfigur før pause. Ho dunka inn 1-0 på frispark frå 20 meter, og rett før pause sette ho eit presist Britt Tove Vedeld-hjørnespark i nota. I mellomtida skåra Vibeke Krogsæter kampens aller flottaste: På halv volley drylte ho ballen knallhardt nærme krysset. Omgangen elles opna med sjansefattig stillingskrig, før det opna seg meir opp. HaNo med eit lite spelemessig overtak.

Brattvåg avslutta best
HaNo fekk ein pangstart på andre omgang. Aktive Britt Tove Vedeld la inn frå høgre, og Kari Longva fekk ein relativt grei jobb med å plassere ballen forbi Anja Hersel og i mål. Brattvåg heldt på å redusere ved Krogsæter, men volleyen denne gongen strauk over. Ingrid Ulstein Fjørtoft greidde derimot å få ballen i mål. Forarbeidet av Tonje Leine var prima. Etter 36 minutt av andre omgang kjem dramatiske sekund. Kari Longva er centimeter frå å kome forbi målvakta, men Hersel avvergar. Brattvåg set i gong ei kontring. Den endar hos Marianne Otterlei som skåra sikkert. Begge lag kunne avgjere etter dette. Brattvåg var farlegast på slutten, men ein Lise Tomren/Trude Haram-kombinasjon heldt også på å gi resultat for heimelaget.

- Greitt med uavgjort
- Det var ein rotete fotballkamp, sa BIL-trenar Per Willy Otterlei. – Det var to effektive lag med ikkje særleg fleire målsjansar enn mål. Det var greitt med uavgjort, oppsummerte Otterlei. Dagens heimespelar Julie Longva, også med to mål, sa dette etter kampen:
- Eg synest innsatsen til heile laget var bra. Vi jobba lenge og i lag trass i mange bytte. Det var godt med eitt poeng, men det hadde smakt endå betre med tre, meinte Longva.

HaNo (4-3-3):
Sybell Rogne- Tone Austnes, Julie Longva, Vibeke Flem, Silje Haram- Lise Tomren, Ingrid Farstad, Britt Tove Vedeld- Elisabeth Longva, Trude Haram, Kari Longva.

Innbyttar, som spelte sin andre kamp for dagen (slo Norborg 1-0!), var jentespelarane Anna Longva og Ane Forr Austnes. Dei spelte mesteparten av denne damekampen.


22/09-08
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: