9 mann på dagens økt
Idag har det skjedd mykje på Nordøyhallfronten. Ny stålbogar er oppe, det vart jobba med lys, fleire lekter er spikra og første del av bordkledninga er på plass.
Odd Einar, Arne, Per Arne, Rolf, Ivar, Per Jarle, Inge, Michael og Kenneth utgjorde dagens 9-mannstropp.

Tidlegare på dag hadde O B Wiik - karane fått krana på plass 6 nye stålbogar, slik at no er det berre 6 til som manglar før alt er oppe.

I kveld vart det lagt meir lekter på vegg, det vart starta med bordkledning på endeveggen oppover, og det vart jobba meir med lysa i hallen. Her er nokre bilder frå i kveld:

06/01-11
Av: Kenneth Ulla






B.f.v.: Per Jarle, Inge, Ivar, Rolf og Arne. F.fv: Per Arne, Odd Einar og Michael. Fotograf: Kenneth














Neste dugnad vert avtalt. Laurdag 09.30 - 13.30






5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: