HaNo tapte viktig kamp
HaNo hadde nok ein gong sjansen til å kapre tre poeng på heimebane i kampen om å berge plassen i divisjonen. Men nok ein gong forsvann poenga i sluttminutta etter at laget leia 1 – 0 ved halvtid.
4. divisjon:
HaNo tapte viktig kamp
HaNo – Vigra: 1 - 2 (1– 0)
Nordøy gras
56 tilskuarar

Mål: 1 – 0 Odd Einar Molnes ( 29 min)
1 – 1 Tommy Roald ( 18 min)
1 – 2 Tommy Roald ( 82 min)

Dommar : Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg
Gule kort : Michael Austnes, HaNo; Tommy Roald og Alexander Holm, Vigra

Dagens HaNo-spelar: Michael Austnes

Dei elleve utvalde:
Lasse Buck, Ole Lennart Vassbotn, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen, Vegard Halkjelsvik, Odd Einar Molnes, Alf Kåre Longva, Asgeir Nogva, Cato Longva og Stig Frode Longva

Desse gjorde sprelske innhopp frå benken:
Per Jarle Fjørtoft og Åge Ulla

HaNo hadde nok ein gong sjansen til å kapre tre poeng på heimebane i kampen om å berge plassen i divisjonen. Men nok ein gong forsvann poenga i sluttminutta etter at laget leia 1 – 0 ved halvtid. Vigra stod kampen best, ville mest, kriga hardast og hadde gode Tommy Roald på midtbana som sleit inn sigersmålet i kamp mot fleire HaNo-forsvarar.

Første omgong vart sjanserik. Begge lag ville framover på bana og begge lag brukte kantane. Det skapte sjansar framfor begge måla. Simon Gjøen og Kristian Kirkevåg i angrepet hos gjestane skapte mykje trøbbel for HaNo-forsvaret. Kenneth Ulla redda eit Kirkevåg-forsøk på streken, og eit hovudstup enda i stonga. Men det var HaNo som skåra. Det såg noko lettkjøpt ut då eit frispark frå Odd Einar Molnes gjekk forbi alt og alle og rulla i nota ved lengste stolpe. Den burde gjestemålvakt Robin Rørseth ha avverga.

Andre omgong vart ikkje så sjanserik som første. HaNo skaffa seg eit lite overtak og både Stig Frode Longva og Odd Einar Molnes skaut utanfor på gode tilbod. Og så kom Vigra og Tommy Roald. Først nikka han inn eit billeg frispark frå kanten. Målvakt Lasse Buch, som elles stod feilfritt i mål, var vel på halvdistanse i feltet ved denne skåringa.

Så gjorde Kristian Kirkevåg ein kjempeprestasjon på venstrekanten då han kriga ballen forbi fleire HaNo-spelarar og liggande la inn på hovudet til gode Roald som skåra mål nummer to. I sluttsekunda fekk Per Jarle Fjørtoft ein gedigen sjanse til å utlikne då han fekk ballen nærast ferdigskåra frå Asgeir Nogva, men skotet frå svært kort hald vart stoppa av foten til målvakt Rørseth og stonga.

Dermed er HaNo framleis i botnstriden. Laget er ujamt og litt for mange spelarar viser ikkje nok kampglød og vinnarvilje. Det viste Vigra siste halvdel av andre omgong. Vilje til å ta seg ut, til å yte ekstra, avgjer gjerne jamne oppgjer. At lagkaptein og tenar Lars Petter Haram måtte stå over på grunn av tre gule kort, gjorde heller ikkje situasjonen enklare for HaNo.
Dommar Hatlehol dømde greitt.

Gunnar Standal

22/09-08
Av: Kent Inge Klokk




























5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: