Innspurten i botnen av 4. divisjon
HaNo har ikkje verken hatt marginar eller dyktigheit nok dei siste vekene og er planta med begge beina i nedrykkstriden. Hanofk.no ser på innspurten for dei involverte laga.
Vigra har kjempa seg ut av verste gjørma med fantastisk haustform. 5 strake sigrar har tatt dei frå usle 6 til 21 poeng i haust. Åram/Vankam har blitt ”sluttspurt-laget” den siste tida, med imponerande opphentingar både på Nordøy under HaNo-dagane (2-2), og ikkje minst i Ørsta i helga. Dei låg under 3-1 kvarteret før slutt, men anført av evigunge Ole Per Kragset vann dei 4-3. ÅVK har også kampoppsettet med seg tre rundar før slutt. Ørskog og Vartdal heime, samt GuLars borte gjer at dei truleg bergar seg.

Sjansen for at to lag må ned er stor, og HaNo må nesten heilt sikkert plukke fleire poeng. Då står nest siste plass kanskje mellom Vartdal og HaNo. HaNo skal møte tre opprykksjagande lag (Herd heime, Stranda og Bergsøy borte) og har på papiret det klart vanskelegaste programmet. Vartdal har same poengsum som HaNo, og kan sette den siste spikaren i GuLars-kista komande helg.

Tabellen tre rundar før slutt ser slik ut (noko rotete, men plassering, lag, målskilnad og poeng er rekkjefølgje):

8 Vigra 33-52 21
9 Åram/Van.kam FK 37-47 20
10 HaNo 32-56 19
11 Vartdal 30-56 19
12 Gursken/Larsnes 19-69 12

Og her er dei attståande kampane til HaNo og deira rivalar:

27.09.2008 Vigra-Sunnylven
04.10.2008 Ørsta-Vigra
11.10.2008 Vigra -Ørskog

27.09.2008 Bergsøy-HaNo
04.10.2008 HaNo-Herd
11.10.2008 Stranda -HaNo

27.09.2008 Åram/Van.kam FK -Ørskog
04.10.2008 Gursken/Larsnes-Åram/Van.kam FK
11.10.2008 Åram/Van.kam FK -Vartdal

27.09.2008 Gursken/Larsnes-Vartdal
04.10.2008 Vartdal-Stranda
11.10.2008 Åram/Van.kam FK -Vartdal

27.09.2008 Gursken/Larsnes-Vartdal
04.10.2008 Gursken/Larsnes-Åram/Van.kam FK
11.10.2008 Norborg -Gursken/Larsnes





22/09-08
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: