Klar for kunstgras
110 nye dugnadstimar har blitt lagt ned i Nordøyhallen i løpet av helga. Kunstgrasleggarane er komne, og det meste er klart for legging av kunstgras måndag morgon.
I helga har det meste av fokuset vore på å få underlaget så slett som mogeleg. Det har vorte rulla, sladda, raka, valsa i svært mange timar.
No i kveld var karane som skal legge graset på inspeksjon, og det meste skal vere klart for legging. Gummipadden som skal ligge nederst er på plass inne i hallen. Utanfor ligg kunstgraset klart til å bli rulla ut opp på padden.

Vi har no runda 2250 dugnadstimar sidan 15. juli. Imponerande av dei 83 som så langt har bidrege. I slutten av veka kan hallen vere klar til trening!

Her er nokre bilder frå helga:

06/02-11
Av: Kenneth Ulla


























































5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: