HaNo og grasrotandelen
Har du hugsa å registrere ditt Norsk Tipping-spelekort på HaNo? Hjelp oss til å utvikle klubben vidare, det kostar ikkje noko ekstra når du tippar.

Grasrotandelen

HaNo har pr i dag 81 spelarar registrert HaNo på spelekortet sitt i Norsk tipping. Vi fekk inn om lag 20 000 kroner i 2010 på dette. Vi ser potensiale i å auke andelen medlemmar kraftig i tida som kjem. Målsettinga er 150 medlemmar i løpet av 2011 ! Så her er det berre å registrere på deg sjølv, og spre bodskapen til dine nærmaste :)

Neste gong du er hos kommisjonæren og skal tippe, hugs å registrere kortet ditt på HaNo FK. Det du fortel til dei lokale kommisjonærane her ute på øyane, er at du vil registrere på HaNo. Om dei ikkje har organisasjonsnummeret vårt i den kommisjonæren du tippar hos, så oppgir du dette nummeret: 9815 54736.

Du brukar ikkje meir pengar enn du har tippa for frå før, det einaste som skjer, er at 5 % av innsatsen din på lotto eller tippe-rekka di går til HaNo :)

22/02-11
Av: Odd Einar Molnes










5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: