Påsketurnering i nordøyhallen
Onsdag 20 april arrangerer HaNo FK påsketurnering i vår nye innandørshall på Austnes. Her kan alle over 15 år med tilknyting til HaNo-øyane melde seg på. Vi oppmodar spesielt gamle HaNoheltar som no er busatt andre stader i landet til å ta turen heim i påska og delta. Kvar enkelt spelar melder seg på og ein kvalifisert komitè sett opp laga.
Vi sett opp 2 baner og spelar 6 mot 6 inkl keeper. Det blir delt inn i herre- og dameklasser og kvart lag vil ha ein stall på 8-9 spelerar. Sekretariatet vil halde kontroll på kampoppsett, resultat, målskorarar m.m og i kiosken vil det bli salg av mat og drikke. Vi satsar på å vere ferdig med turneringa i god tid før teater og dansen byrjar på Rogne same kveld. Det vil bli premiar til årets toppskårar herre/dame, årets spelar, årets mål og sjølsagt til vinnarlaga.

Trykk her for å kome til nordøyhallcup på facebook

Meld deg på ved å sende ein mail til:
- Vegard Halkjelsvik, mail: vegard_halkjelsvik@hotmail.com (herreklassen)
- Ane Forr Austnes, mail: ane@prikk.com (dameklassen)

Påmeldingsfrist er laurdag 16 april.

Vi i HaNo FK håper mange vil nytte høvet å teste ut vår fantastiske nye idrettshall, samt treffe nye og gamle lagkameratar i ei uhøgtidlig fotballturnering på øyane.

Vel møtt!


22/02-11
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: