Hødd junior stiller ikkje til kamp
For andre helg på rad melder HaNo sin motstandar forfall til kamp. Denne gongen er det Hødd jr som har meldt frå til Sunnmøre fotballkrets at dei ikkje greier å stille lag. Stranda-HaNo blir heller ikkje spelt, då det ikkje er mogleg å finne ein ny dato for kamp.
Det er ganske frustrerande for HaNo om dagen. Vi kavar også med å stille lag, og innsatsen har vore stor for å \"skrape saman\" nok folk. Mellom anna henta vi heim May Britt Longva frå Bergen. Sikkert koselig for May Britt å kome heim ein tur, men det blei dårleg med fotball for ho og jentene sidan Stranda-oppmannen ringte kl 10 søndag morgon og sa dei berre hadde 8 spelarar klar til kamp.

Og komande helg er det altså Hødd jr som ikkje greier å stille lag. HaNo-oppmannen hadde ikkje høyrt eit ord om at dei sleit med å kome, før ein e-post kom måndag ettermiddag frå kretsen om at dei ikkje kjem. Dette verkar dessverre noko enkelt. Hødd jr har sikkert som mange andre lag problem i enkelte kampar, men ein må prøve alt ein kan for å kome seg på kampar sjølv om reisa er lang og det står oktober på kalenderen.

Neste og siste oppgåve er då med andre ord Sykkylven-HaNo neste helg.

30/09-08
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: