Morgonstund og ballen er rund!
Klokka er 05.45. Mobilen alarmerer i ei seng på Longva. 9. klassingen vaknar. Kven har kødda med mobilen min, tenkjer han. Før han kjem på det...
Det er jo MÅNDAG i dag! Det er MORGONTRENING!!!
HaNo FK i samarbeid med Haramsøy skule hadde i dag tidleg den fjerde måndagsmorgontreninga i rekkja. Frammøte er bra. 11 sist gong, 9 i dag tidleg. Kl 07.00 til litt over 8 spelar vi fotball. Mykje teknisk øving med kvar sin ball. I dag jobba vi med vendingar, og ein god del avslutningar på mål.

Dei som får dette tilbodet er ungdomsskuleelevar (8., 9. og 10.kl). Her er det transportmessig fullt mogleg ved hjelp av buss og/eller ferje å vere til stades kl 07 for elevar frå alle tre øyane som går på u-skulen. Kenneth Ulla og Odd Einar Molnes er trenarar på øktene i Nordøyhallen.

Dette er gjengen som var oppe og HØGST morgonfriske og lærevilige i dag. Vel møtt til dei, og alle andre u-skuleelevar neste måndag også :)

04/04-11
Av: Odd Einar Molnes






Bake: Sebastian, Aron, Jonas, Tobias, Thomas. Framme: Marius, Emmanuel, Nathalie og Totto.



5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: