Besøk frå Aafk i Nordøyhallen
I helga gjesta Aalesund FK sitt eine G14-lag Haramsøya. Overnatting på fyrhuset på Ulla med ulike aktivitetar, samt tre økter i Nordøyhallen var noko av det som stod på programmet.
10 spelarar og nokre vaksne tok helga ute på øyane, og då vi snakka med dei etter den første av to økter på laurdag, var det berre velstand.

Perry Longva er forelder og trenar for laget. Han har anar frå Longva, og meinte på at dette var ei kjempehelg for gutane. Fredag trena dei i Nordøyhallen, medan det på laurdag var i samspel med HaNo FK sitt eige G14-lag. Først hadde dei ei treningsøkt med mykje teknisk trening på føremiddag, før dei møttest til kamp laurdagskvelden. Under ser vi bilete frå kampen.

Takk til Marianne V. Ulla for bileta !

14/04-11
Av: Odd Einar Molnes






Rolf Longva er ein av trenarane på G14, HaNo.


















5 siste nyheter fra G13:
G13 kjempekamp mot Brattvåg- Oppdatert: No også med lagbilete!
Besøk frå Aafk i Nordøyhallen
Aktivitetsleiarkurs 2.-3. april
Snudde kampen og vann!
G13 møter Liabygda i dag søndag!


Hovudsponsorer: