Ei blaut Nordøybane...
...fekk litt tiltrengt stell i dag. Jan Henning, Per Olav og ein del herrespelarar sørga for å hive på ein del sand på ei bane som slett ikkje ser ut til å vere to veker unna seriestart.
Mads, Eivind, Per Olav S., Jonas, Daniel, Mert, Odd Einar, Per Kristian og Noah, pluss Jan Henning og Per Olav V. stilte i sørvestkulingen på palmesøndag. Som vi ser på bileta under, er bana i dårleg forfatning akkurat no.

Det skal véret ta hovudskulda for sjølvsagt. Men ein større jobb ligg føre oss på dette dekket. No blei det ein god del betring etter nokre kubikk med sand. Og den skal gjødslast med det aller første. Yr.no lovar også mindre nedbør og tosifra antall grader no i påskeveka. Det vil forhåpentlegvis hjelpe på.

Det er i alle fall like greitt at både dame- og herrelaget opnar på bortebane..

17/04-11
Av: Odd Einar Molnes






Jan Henning, Eivind i midten og vi skimtar Per Kristian bakerst.


Effektivt med traktor som matar trillebårene. Daniel i midten har palmesøndagantrekket :)





Jonas og Per Olav.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: