God innsats ga null poeng
Damelaget til HaNo/Lepsøy serieopna med bortekamp på Hellesylt. Spelemessig var HL best i store delar av kampen, men heimelaget var mest effektive. Kirsti Frøysadal Hauge var den store skilnaden på laga.
3. divisjon kvinner
Sunnylven – HaNo/Lepsøy 3-2 (2-2)
Hellesylt kunstgras
1-0 Kirsti Frøysadal Hauge (5)
1-1 Lise Tomren Fjørtoft (10)
2-1 Kirsti Frøysadal Hauge (25)
2-2 Lise Tomren Fjørtoft (40)
3-2 Kirsti Frøysadal Hauge (72)
Raudt kort: Silje V Haram (38)
1 gult til Sunnylven


Laget:
Ane Forr Austnes

Anna Longva
Tone Austnes
Silje V Haram
Martha Kjerstad

Cecilie Kalvøy
Ingrid Farstad
Lise Tomren Fjørtoft
Britt Tove Vedeld Molnes

Trude Haram
Cecilie Olsen

Nytta innbyttar:
Emily Smith, Cathrine Gjerde, Eli Rogne, Hanna Sylte, Seline Hoedemakers

I fjor vart det tap 2-1 i bortemøtet med Sunnylven, og Hauge stod for begge måla. HaNo/Lepsøy var difor førebudde på det som skulle kome. Likevel gjekk ikkje det meir enn 5 minutt før heimelaget tok leiinga. Ein lang ball i bakrom, raske Frøysadal Hauge åleine med keeper, og dermed 1-0. Men HL kom raskt til hektene, og pasningsspelet var av ein heilt annan kvalitet enn i treningskampen mot FK Sykkylven. Det var slett ikkje ufortent då Lise Tomren Fjørtoft heada inn eit hjørnespark etter 10 minutt. HL fortsatte å dominere banespelet, men skapte berre nokre halvsjansar. Sunnylven på si side verka heilt ufarlege, bortsett frå kvar gong nemte Hauge fekk ballen. Etter 25 minutt fekk ho ballen på høgresida, ho passerte to spelarar, kom seg inn i feltet og sette ballen i mål.

Redusert til 10 spelarar
Og verre skulle det bli for HL då Silje V Haram var uheldig og hekta Frøysadal Hauge i det ho var på veg gjennom. Dermed korrekt raudt kort, og HL var berre 10 spelarar. Men HaNo/Lepsøy gjekk rett i angrep, og Lise Tomren Fjørtoft vart 2-målsskårar då ho skaut vakkert i mål frå 20 meter. 2-2 til pause, og framleis spenning i kampen.

Berre nesten
HL kom også best i gong etter pause. Ballen gjekk fint mellom spelarane, og det var god defensiv kontroll. Lise heada i tverrliggaren etter nytt hjørnespark, og Britt Tove Vedeld Molnes traff same stad på eit skot frå distanse. Utover i omgangen jamna spelet seg ut. Kampen stod og vippa, og då viste goalgetter Hauge seg fram på ny. Etter klabb og babb i feltet, og 3 returar, var det Hauge som sette ballen i mål. Etter dette klarte ikkje HaNo/Lepsøy å svare, og kampen ebba ut med heimesiger. Resultatet føltes urettferdig etter spelemessig overtak i store delar av kampen. Men heimelaget var best på det viktigaste i fotball, og sikra seg dei 3 poenga. For HL var det likevel oppløftande takter både spelemessig og forsvarsmessig. No ventar årets første heimekamp mot Spjelkavik på førstkomande onsdag.

PS! 4 debutantar i dag. Cecilie Kalvøy, Cecilie Olsen, Eli Rogne og Hanna Sylte fekk alle teste seniornivået for første gong! Bra med god rekruttering!

01/05-11
Av: Kenneth Ulla






Lise og Tone varmar opp


Martha og Eli









5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: