HaNo vann andre omgong
HaNo vann andre omgong 3 – 1 då topplaget Herd gjesta Nordøy stadion i svært avgjerande kamp laurdag. HaNo måtte helst vinne for å ha håp om å berge plassen. Siger til gjestane ville vere eit langt steg nærare opprykk.
4. divisjon:
HaNo vann andre omgong
HaNo – Herd: 4 - 4 (1– 3)
Nordøy gras
46 tilskuarar

Mål: 1 – 0 Stig Frode Longva ( 8 min)
1 – 1 Per Christian Gidske ( 9 min)
1 – 2 Tore Standal ( 20 min)
1 – 3 Anders Hagen ( 27 min)
2 – 3 Kenneth Ulla ( 50 min)
3 – 3 Stig Erik Nogva ( 66 min)
4 – 3 Lars Petter Haram, straffe ( 77 min)
4 – 4 Eirik Dalhaug ( 82 min)

Dommar : Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg
Gule kort : Odd Einar Molnes og Stig Frode Longva, HaNo; Anders Hagen, Eirik
Dalhaug, Lennart Klausen, Dan Tore Ulvestad og Bernt Ove Slyngstad, Herd

Dagens HaNo-spelar: Stig Erik Nogva

Dei elleve utvalde:
Lasse Buch, Kent Inge Klokk, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen, Vegard Halkjelsvik, Odd Einar Molnes, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva, Stig Frode Longva og Stig Erik Nogva

Desse gjorde innhopp på kort varsel:
Åge Flem Ulla, Alexander Eide og Ole Lennart Vassbotn

HaNo vann andre omgong 3 – 1 då topplaget Herd gjesta Nordøy stadion i svært avgjerande kamp laurdag. HaNo måtte helst vinne for å ha håp om å berge plassen. Siger til gjestane ville vere eit langt steg nærare opprykk. ”Eg er svært fornøgd med det vi får til etter pause,” seier trenar Lars Petter ”LP” Haram til HN. ”Då kjempa vi Herd ut av stilen og kom att etter ein svak første omgong. Berre synd det ikkje heldt til tre poeng.”

Og det har trenar Haram rett i. Herd leia 3 – 1 ved halvtid og såg ut til å gå mot ein programmessig siger. Men det var HaNo som skåra først. På det einaste gode angrepet laget skapte før pause sende ”LP” ballen til Stig Frode Longva som skårar sikkert. Og så vart det berre Herd. Laget brukte banebreidda og spelarane fann kvarandre godt. Etter ein bom i HaNo-forsvaret stakk Per Christian Gidske gjennom og utlikna. Dei to neste måla til gjestane kom etter god kjemping i HaNo-feltet. Første skaffa Tore Standal leiing til Herd då han fekk stå i fred og nikke eit legg frå Pål Erik Ulvestad i mål. Så var det kaptein Anders Hagen sin tur då han nikka i mål etter hjørnespark.

Men HaNo ville ikkje gi seg utan kamp. Ole Lennart Vassbotn kom inn i forsvar og Alexander Eide kom inn i angrep etter skadefråver. Dette gav laget meir muskar og tempo. Først reduserte Kenneth Ulla då han nikka inn eit presist frisparklegg frå Odd Einar Molnes. Viktig med eit tidleg mål for HaNo. Så sette hardtkjempande og raske Stig Erik Nogva, dagens HaNo-spelar, ballen sikkert lavt i lengste hjørne då han vart spelt gjennom Herd-forsvaret av Stig Frode Longva. Og kvarteret for slutt fekk HaNo straffespark etter handball i gjestefeltet. Skulle HaNo snu 1 – 3 til 4 – 3? Ja, sa kaptein ”LP” og skåra sikkert.

Men tre poeng vart det ikkje. Etter frispark gav gode Lasse Buch i HaNo-målet ein retur som Eirik Dalhaug sette i mål. Men HaNo gav seg ikkje og var svært nær siger i sluttminutta. Først nikka ein pressa gjesteforsvarar ballen i eiga stong etter frispark. Så redda gjestemålvakt Arne Humlung eit svært godt volleyskot frå Stig Frode Longva. Dermed poengdeling i ein målrik og spennande kamp.

Dommar Oddbjørn Hatlehol blåste mykje og delte ut mange gule kort i ein kamp som aldri var prega av hardt spel. Herd-spelarane gjekk sure i andre omgong og pådrog seg kort for munnbruk. Lite lurt av eit topplag. Der har trenarane Rune Ulvestad og Eirik Hoseth litt å gripe tak i.

HaNo får ta med seg vinnarviljen frå andre omgong til borteoppgjeret mot Stranda neste helg.
Den kampen MÅ laget vinne for å stå i divisjonen. I tillegg er HaNo avhengig av at enten Åram/Van.kam eller Vigra taper heimekampane sine mot Vartdal og Ørskog.

Kampen om opprykk er også svært tett og spennande. Fire lag kan rykke opp. Norborg, Herd og Bergsøy har alle 41 poeng, Stranda står på 39. Alle fire laga har heimekampar. Norborg møter botnlaget Gursken /Larsnes som spelar utan press. Ikkje så enkelt som det kan virke på papiret. Herd møter Sunnylven, og Bergsøy møter Ørsta. Ein ting er sikkert: Her kan alt skje!



Gunnar Standal

06/10-08
Av: Kent Inge Klokk


































5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: