Stygg smell for HaNo/Lepsøy
Damelaget tapte heile 1-9 mot Spjelkavik onsdag. Cecilie Kalvøy skåra HL sitt mål.
3. div kvinner
HaNo/Lepsøy - Spjelkavik 1-9 (0-5)
Haramsøy gras
0-1 (3)
0-2 (4)
0-3 (9)
0-4
0-5
1-5 Cecilie Kalvøy
1-6
1-7
1-8
1-9
Dommar: Magne Krumsvik, Hødd
Raudt kort: Martha Kjerstad

Det er mange år sidan sist seniorkamp har gått på Haramsøy gras. Men starten av kampen vart ikkje slik heimelaga ønska. Før 4 minutt var spelt, leia Spjelkavik 0-2. Og då det vart 0-3 berre 5 minutt seinare, var kampen i realiteten avgjort. I denne perioda var HL - spelarane tafatte i duellspelet, og kvikke Vika - spelarar fekk tid til å spele ball.

Kampen jamna seg litt ut etter dette, og både Britt Tove Vedeld Molnes og Lillian Kjerstad hadde målsjansar. Likevel var Spjelkavik best både spelemessig og effektivitetsmessig. Det stod 0-5 til pause.

Etter kvila kom HL si beste periode i kampen, og det var ikkje ufortent då Cecilie Kalvøy sette inn sitt første seniormål då ho kom åleine med keeper.
For andre kamp på rad måtte HL avslutte kampen med 10 spelarar. Martha Kjerstad sprang inn i en Spjelkavik-spelar på veg gjennom. Dermed straffe og raudt kort.
Cecilie Olsen fekk sin store sjanse åleine med keeper, men det var i staden Spjelkavik som auka til 1-9. Eit stygt resultat sett med HaNo/Lepsøy - auge. Men innsatsen og innstillinga var ikkje god nok denne gongen, noko som eit velspelande Spjelkavik - lag straffa hardt.

Laget:
Hanna Sylte

Martha Kjerstad
Ane Forr Austnes
Emily Smith
Eli Rogne

Britt Tove Vedeld Molnes
Lise Tomren Fjørtoft
Ingrid Farstad
Eirin Buner

Lillian Kjerstad
Trude Haram

Nytta innbyttarar:
Cecilie Kalvøy
Cecilie Olsen
Seline Hoedemakers
Anna Longva
Solveig Aksnes
Veronica Flem
Elise Klemetsen

05/05-11
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: