Knepent tap mot Brattvåg 2
HaNo tapte 4-3 mot BIL2 i torsdagens heimekamp på Austnes. Gjestane sin toppskorar Martin Sundnes skora 3 mål og var forskjellen på laga i denne kampen.
HaNo-Brattvåg 2 3-4

HaNo:

Pål Forr Austnes
Kristian Kalvøy
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Robin Haram
Odd Einar Molnes
Vegard Halkjelsvik
Lars Petter Haram
Lars Åkre
Per Jarle Fjørtoft
Sindre Longva

Mål:
0-1 Martin Sundnes
0-2 Martin Sundnes
1-2 Vegard Halkjelsvik
1-3 Martin Sundnes
1-4
2-4 Lars Åkre
3-4 Lars Petter Haram

Stjerner HaNo:
*** Vegard Halkjelsvik
** Pål Forr Austnes
* Lars Petter Haram


Herrelaget gjekk på eit nytt knepent tap i torsdagens heimekamp mot Brattvåg 2 på Austnes gras. Gjestane tok leiinga etter 10 min på eit straffespart etter at HaNo keeper Pål Austnes felte Martin Sundnes som var aleine gjennom. Straffa satt Sundnes sjøl i mål. Samme mann var frampå like etter og øka leiinga til 2-0 etter svakt forsvarspel av vertane. Vegard Halkjelsvik reduserar på eit frispark frå 30 meter som går over ein forfjamsa BIL kepper og rett i mål. HaNo fekk etterkvart eit lite overtak i banespelet men skapar ikkje dei heilt store sjansane framfor gjestane sitt mål. Martin Sundnes var også ein stadig trussel for BIL2, men omgongen enda 2-1.
I pausa var HaNo enige om å gå ut å ta kommando i kampen frå start og sette press på eit litt sliten BIL2 gjeng. Istaden er det brattvåg som igjen får straffespark etter at Per Kristian Klokk er uheldig og handsar i ein duell med nemnde Sundnes. Etter dette går lufta litt ut av HaNo spelerane og etter eit langskudd går litt heldig i mål, står det plutsleg 4-1 til. BIL2 går etterkvart tom for krefter og som i første omgong er det HaNo som tar over og legg press på gjestane. Lars Åkre sett inn 4-2 etter eit fint gjennomspel av Lars Petter Haram før LP sjølv sett inn 4-3 på eit skot frå 16 meter. Nærmare kjem ikkje HaNo og gjestane frå Brattvåg tek med seg alle 3 poenga tilbake til fastlandet.

HaNo viser stadig framgong og det er en gjeng som vertfall er villige til å legge ned ein solid innsats i kamp. Dei 6 som kom inn frå benken var med på å heve laget på slutten og viser at også dei vil være med å bidra. Alt i alt eit surt tap i ein kamp som kunna bikka begge veger men der BIL 2 hadde ein toppskorar som fekk gjere litt som han ville.

Neste kamp er borte mot Ørskog på Torsdag.

08/05-11
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: