4-0 tap mot Ørskog
HaNo herrelag tapte torsdag kveld 4-0 mot Ørskog. HaNo hang bra med i ei omgong, men etter pause var vertane overlegne.
HaNo:

Sindre Longva
Kristian Kalvøy
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Robin Haram (Olve Steen, 75 min)
Odd Einar Molnes ( Mads Uri, 80min)
Vegard Halkjelsvik
Lars Petter Haram
Demir Haram (Per Olav Sunde 80 min)
Per Jarle Fjørtoft ( Mert Haram, 85min)
Lars Åkre

*** Sindre Longva
** Michael Austnes
* Kristian Kalvøy


Det vart som venta ein vanskeleg bortekamp for HaNo mot ein av opprykksfavorittane i 5 divisjon i år. HaNo mangla keeper Pål Forr Austnes i denne kampen, men har ein god erstattar i Sindre Longva i bakhand. Sindre tok utfordringa på strak arm og stod ein svært god kamp i mål for gjestane. I tillegg var Joakim Austnes og Eivind Fugledal ute pga skader.
HaNo åpna bra og var fullt på høgde med Ørskog i første omgong. Det vart med det eine målet til vertane etter eit lurt langskot som gjekk bak ein dekka Sindre. HaNo skapte også litt i denne omgongen og Lars Petter Haram var svært nær å utlikne med eit skot i nettveggen rett før pause.
I 2 omgong tok vertane meir grep om kampen og rulla opp fleire farlege angrep. HaNo stod imot presset i 10 minutt før Ørskog la på til 2-0. HaNo skapte svært lite i 2 omgong og hadde sjeldan fleire trekk med ballen i laget. Mykje rot i pasningsspel gjorde at Ørskog stadig kom på nye overgongar og skapte farlege sjansar. Ørskog la på til 3-0 og 4-0 før dommer Kristoffer Solheimsnes bles av kampen.

Kva med HaNo? Som forventa blir det mange tøffe kampar i årets sesong og at vi taper 4-0 mot Ørskog er på ingen måte overraskende. Laget viser likevel vilje og innsats og vi forbetrar oss for kvar kamp. Vi må ta med oss vidare 1 omgong, der vi er på høgde med Ørskog, og at vi heile kampen jobbar og står på sjøl om det buttar imot. Neste kamp er mot Stordal førskomande torsdag heime på øyane.



13/05-11
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: