Stort tap i spelemessig jamn kamp
Hano/Lepsøy spelte sin tredje seriekamp laurdag. På kunstgraset i Volda vart det til slutt store siffer. Ganske frustrerande for jentene, for kampen var faktisk jamnspelt.
Hano/Lepsøy stilte dette laget:

Arne Forr Austnes - Eli Rogne, Silje Haram, Emily Smith, Anna Longva - Britt Tove V. Molnes, Trude Haram, Ingrid Farstad, Eirin Buner - Lillian Kjerstad, Cecilie Kalvøy.

Nytta reserver: Catrhine Gjerde, Solveig Aksnes, Cecilie Olsen.

1 - 0 Kristin Slettedal (7)
2 - 0 Guro Båtvik (9)
2 - 1 Lillian Kjerstad (24)
3 - 1 May Britt Thue (25)
4 - 1 Anette Ulvestad (27)
5 - 1 May Britt Thue (46)
6 - 1 May Britt Thue (62)

*** Cecilie Kalvøy
** Britt Tove V. Molnes
* Ingrid Farstad

Av. Roar Seth

Det var Ha/Le som opna best og alt etter 3 minutt vart Cecilie Kalvøy spelt igjennom og kom åleine mot keeper. Cecilie vart nok litt for ubesluttsom denne gongen og skotet gjekk rett på keeper. Ha/Le fortsatte å presse Volda laget. Vi vann dei fleste duellane og såg i grunn lyst på tilverelsen.

Etterkvart greier Volda å løfte laget og etter 7 minutt legg dei ein god corner frå høgre som vert stussa vidare i mål. Noko ufortjent kan hende og ein kalddusj for Ha/Le. Ikkje lenge etter vert det ny corner. Etter ein del klabb og babb går ballen i mål, men dette målet burde vore annulert for ballen gjekk klart via ei Volda hand og i mål.

Etter dette produserer begge laga sjansar, men dei største til Ha/Le. Både Eirin, Ingrid og Cecilie K, har det en må kalle 100% sjansar utan å lykkast. Lykkast gjer Lilian Kjerstad då ho smeller til frå 12 meter og ballen fyk i mål til er fortjent redusering. Vi øyner no sjansen for utligning, men håpet brast alt for fort. Berre eit minutt er gått før Volda aukar til 3-1. Eit høgt skot går via Ane sine klyper og i mål. Ikkje meir enn 2 minutt etter dette vert ein Volda spelar felt innanfor 16 meteren og dommaren peikar på straffemerket, dermed 4 - 1. Dette resultatet heldt seg til pause.

Ha/Le meiner likevel at slaget ikkje er tapt og at stillinga slett ikkje syner eit rett bilde av kampen. Men når berre eit minutt av andre omgang er spela og Volda spissen kjem åleine mot Ane syner lystavla (som ikkje er der ) 5-1. Både Eirin og Cecilie K er åleine igjennom men begge skyt over mål. Etter 60 min. er Volda atter igjennom og åleine mot Ane og May Britt Thue vert tre målsskorar.

Etter dette rokerer Ha/Le noko på laget. Vi legg om til 4-3-3 og greier faktisk å skape sjansar mot slutten. Ei avslutting frå Lillian går via stanga og skjølvsgt ut. Like etter er Lillian igjennom, men også den avsluttinga går på feil side av stolpen. Britt Tove har ein susar av eit frispark får 25 meter som keeper slår mesterlig over mål. Og slik ebber kampen ut.

Frustrerande med eit slikt resultat i ein slik kamp, men Volda var nok bedre i begge ender av bana.

Positivt i kampen er den gode innsasen og spelet til Cecilie Kalvøy. Alle spelarane viste god innsats og vilje til å vinne duellar. Til tider viste vi bra spel, men vi fekk ikkje løn for strevet :-)

14/05-11
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: