Svak avslutning av HaNo-damene
Ei heller tragisk sesongavslutning av HaNo enda med heile 7-1 tap borte mot FK Sykkylven. HaNo verka ikkje motivert i det heile i kampen som var betydningslaus i forhold til tabellplassering. HaNo enda nummer tre i 3. divisjon.
3. divisjon, kvinner:
FK Sykkylven - HaNo 7-1 (3-0)
Mål, HaNo: Kari Longva.
Dommar: Arild Steinsbu, Aafk.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Elisabeth Longva
2 poeng: Silje Haram
1 poeng: Britt Tove Vedeld

Men det unnskyldar ikkje innsatsen til jentene denne kampen. Den var direkte svak, og HaNo fekk den verst tenkjelege opninga. Under minuttet var gått før eit skot frå 16-meteren sat i nota. HaNo kom seg for så vidt, men det var ikkje samhandling, innsats og presisjon nok til å kome tilbake i kampen. 2-0 kom ti minutt før pause på frispark frå 20 meter. Og med 3-0 også før pause etter corner, så såg det verkeleg svart ut for HaNo, som tross alt hang godt med midtvegs i omgangen.

Eit lite lyspunkt
Opninga av andre omgang blei ikkje noko betre. 4 og 5-0 kom før 6 minutt var spelt av omgangen. Midtvegs kom 6-0 på corner, og HaNo var aldeles ikkje med på heimelaget sine framstøt i avgjerande situasjonar. 20 minutt før slutt kom eit lite lyspunkt med Kari Longva si redusering. FKS fekk siste ordet med 7-1 på overtid.

God sesong totalt sett
Haustsesongen har vore merkeleg med to avlyste kampar på tampen. Resultatmessig har det vore bra med sigrar over Herd og Sunnylven, uavgjort mot topplaga Guard/Fortuna2 og Brattvåg. Første tapet kom no i den siste i ein haustsesong med meget lite folk på trening og i kamp. Tredjeplassen, som var målet før sesongen, blei nådd. No tek spelarane ein velfortent ferie, medan klubben må jobbe hardt i vinter for å få på plass ny(e) trenar(ar), og finne eit fornuftig opplegg for neste sesong.

HaNo (4-3-3):
Sybell Rogne- Tone Austnes, Julie Longva, Elisabeth Longva, Silje Haram- Britt Tove Vedeld, Ingrid Farstad, Sunniva Tomren- Kari Longva, Trude Haram, Ane Forr Austnes.

Nytta innbyttarar: Linda Kristin Haram og Anna Longva.

12/10-08
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: