J16 Harøy - HaNo/Lepsøy 5-4 (1-1)
HaNo/Lepsøy starta dårleg dei 10 første minutta, men jobba seg raskt opp. Dei kjempa knallhardt og etter ca halvspelt første omgong fekk det uttelling. Bra samarbeid mellom Kristina Ulla og Kamilla Standal gjorde 1-0 til H/L. Harøy svarte raskt og til pause stod det 1-1. H/L starta best i andre omgong og Kristina Ulla satte inn 2-1. Etter det scora Harøy fire kjappe og plutseleg var stillinga 5-2 til Harøy. H/L gav ikkje opp og fekk kjempa inn to mål til (Kamilla Standal). Kampen enda 5-4. J16 spelte sin første kamp utan 16-åringar på laget og er godt nøgde med kampen. :)

08/06-11
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J16:
J16 Harøy - HaNo/Lepsøy 5-4 (1-1)
J16-siger over Vartdal
J16-siger over Vartdal
INNLEVERING AV DRAKTER
Tap mot Hessa


Hovudsponsorer: