Poengdeling for herrelaget
Haramsderbyet opna godt for HaNo. Kun tre minutt ut i kampen gjorde Thor Audun Steen 1-0. HaNo hadde mange mulegheiter til å auke leiinga, spesielt i første omgang. Men då uttellinga ikkje kom, utlikna Ravn og då matchuret viste 88 minutt. Bittert for HaNo, som burde avgjort kampen på eit tidleg tidspunkt.
Nordøy stadion, 5. divisjon:
HaNo- Ravn 1-1 (1-0)
Mål:
1-0 Audun Steen (3)
1-1 Magnus Gribbestad (88)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg IL – full kontroll på kampen.

Stjerner HaNo:
3: Vebjørn Steen
2: Lars Petter Haram
1: Håkon Inge Haram

Begge lag mangla fleire skadde spelarar, og det såg ut som om HaNo skulle takle det best. Bra duellspel, spel langs kantane og full kontroll bakover prega heimelaget som kom frå ein flott bortesiger mot Ellingsøy veka før. Audun Steen skåra i HaNo-comebacket sitt etter pasning frå broder Vebjørn Steen. HaNo heldt fram med å skape mykje, og spørsmålet var kor stor sigeren skulle bli. Ravn skapte lite eller ingenting.

Greidde ikkje å avgjere
Men når stillinga er kun 1-0, lever alle fotballkampar. Ravn jobba seg inn i kampen att, og skapte mange sjansar utover i andre omgang. Anders Berg var aller nærmast utlikning, men skotet gjekk rett utanfor. Trenar Joakim Austnes kom inn og skapte nytt liv i heimelaget. Forarbeidet hans til Vebjørn Steen burde gitt 2-0, men avslutninga gjekk over. Håkon Haram var skapande og kreativ på sin høgrekant, og var også nær å ta heimelaget i tomålsleiing.

Gribbestad utlikna
Ravn blei skarpare og skarpare etter pause, men det såg ut til å gå mot 1-0. Rett før full skulle det imidlertid bli dramatisk. Heimemålvakta slår ei pasning rett til Magnus Gribbestad. Midtstopparen hadde nettopp blitt flytta opp som spiss, og ex. Brattvåg-spelaren gjer ingen feil. Dermed 1-1, og ingen av laga greidde å spurte inn til siger.

Vi lærer stadig
HaNo starta med 16-17-åringane Pål, Robin og Håkon denne gongen, medan Sindre og Mads kom inn. Desse spelarane her er med på å heve laget, og utviklar seg med bratt læringskurve. Pål gjer ein meget solid kamp i mål, og gjer kun ein feil. Den blir voldsomt synleg når ein keeper, og det skjer rett før slutt. Men Pål har tatt enorme steg denne sesongen, og tar lærdom av slike hendingar. HaNo skal ver stolt av den utviklinga som skjer om dagen, noko karar som Per Kristian, LP og Per Jarle var skjønt einige om i garderoba rette etter kampen.

Laget:
Pål Forr Austnes
Robin V Haram
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Audun Steen (Joakim Austnes 63, Mads Uri 80)
Vegard Halkjelsvik (Per Olav Sunde 85)
Lars Petter Haram
Håkon Inge Haram
Per Jarle Fjørtoft (Sindre Longva 57)
Vebjørn Steen

15/06-11
Av: Odd Einar Molnes






Audun putta for oss, medan Magnus Gribbestad utlikna for Ravn rett før slutt.


Ein utolmodig HaNo-benk som håpa på fleire HaNo-mål i førsteomgangen.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: