Mange heimekampar- sjekk banedagboka!
Det er mange heimekampar i desse dagar. Dersom du går inn på banedagboka i menyen til venstre her på HaNo-sida, finn du eit oversyn. Onsdag var det ikkje berre herrelaget i aksjon, også G12 spelte lokaloppgjer.
Det blei ikkje mindre enn 21 skåringar (!) i eit tett og jamt oppgjer mellom HaNo og Lepsøy på Austnes.

Torsdag spelar J16 mot Herd, fredag møter J12 Stordal. Laurdag spelar G14 mot Guard. Dei har tre kampar denne veka, og vil prøve å halde fram på vinnarsporet.

Søndag er det duka for J8- turnering. Stor aktivitet på heimebane denne veka :)

PS! Damelaget har hatt eit lengre kampopphald, men reiser laurdag til Stranda i jakta på tre poeng.

16/06-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: