HaNo med i mobilreturkampanje!
HaNo FK skal i samarbeid med Telenor og Norges idrettsforbund gjennomføre ein mobilreturkampanje dei komande vekene. No må du ned i skuffene dine! I tillegg til å gjere ein stor miljøinnsats, får HaNo FK 35 kroner pr mobil vi sender inn.
Nasjonal innsamling av brukte mobilar i ditt nabolag!

HaNo FK vil i samarbeid med Telenor og Norges Idrettsforbund samle inn brukte mobiltelefonar i Noregs største innsamlingsaksjon. Vi vil ha innsamlingsposar på Coop Marked og Rolls Royce her ute for å bidra til at brukte mobilar kan bli resirkulert eller skape nye muligheiter for andre. 7 av 10 nordmenn har brukte mobiltelefonar i roteskuffa, og det er viktig at din gamle mobil blir resirkulert på ein sikker og miljøvennleg måte.

Ved å gi din brukte mobil til HaNo FK så bidrar du til verdifulle dugnadsinntekter for HaNo FK, i tillegg til at du sørgjer for at din brukte mobil kan skape nye muligheiter. For meir informasjon om Telenors returordning, sjå på www.telenor.no/gjenbruk.

Husk å ta ut SIM- kort frå din mobil før du leverer den i innsamlingsposen. Dersom det er attståande informasjon på mobilen så vil Telenor gjennom sin sertifiserte returpartnar slette all attståande informasjon og destruere minnekort på mobilen. Vi har ein tydeleg merka og spesialdesigna pose for innsamling av mobilar, slik at du kan vere trygg på at din mobil blir handtert på ein forsvarleg måte.

Ver med på eit løft for miljøet ved å finne fram dine brukte mobilar til den nasjonale dugnaden som du kan vere med på no i juni !

Takk for di støtte!

Odd Einar Molnes
Leiar HaNo FK

16/06-11
Av: Odd Einar Molnes










5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: