Idrettskule
Meir informasjon til deltakarar og foreldre får du no her. Dette blir bra!
Det er klart for:
Idrettskule

Meir info til deltakarar og foreldre om idrettskulen:

Dato: 22.-24.juni
Tid: Kvar dag kl 0830 – 1500
Stad: Austnes gras / Nordøyhallen
Kven: 1. – 10. klasse
Pris: kr 200 pr dag. Deltakarane betalar kontant
når dei kjem til idrettskulen onsdag.
Servering: Det vert frukost kvar dag, og varm lunsj i gymsalen.
Utstyr: Ta med eiga drikkeflaske, og treningsklede til å
vere inne og ute. Ta gjerne med både joggesko og fotballsko.

Programmet blir slik kvar dag:
0830 – 0900: Frukost
0900 – 1000: Aktivitetar
1000 – 1030: Fruktpause
1030 – 1130: Aktivitetar
1130 – 1230: Varmt måltid
1230 – 1500: Aktivitetar

Vi skal ha aldersdifferensierte grupper, og som aktivitetar kan vi mellom anna by på:
- Fotballaktivitet (inkl keeperaktivitet)
- Idrett- og leikaktivitet.
- ”Mesternes Mester”.
- Bruke terrenget rundt for ulike aktivtetar.
- ”Energikamp”/ ”Vinn på minuttet” !

Dagane er tilpassa buss frå Longva, og ungne skal ikkje betale på bussen. Det er inkludert i avgifta for idrettskulen.
Over 80 er påmeldt, men om du fortsatt vil vere med (anten som deltakar eller medhjelpar) så ta kontakt med Siv Ulla Otterlei,
tlf 95 83 63 95.

Mvh
HaNo FK




20/06-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: